Natteramnfamilien
Nordnatthauk, Chordeiles minor og eikenatteramn, Caprimulgus vociferus
Nordnatthauk, Chordeiles minor
og eikenatteramn, Caprimulgus vociferus
Utbreiing
Utbreiinga av natteramnfamilien
Utbreiinga av natteramnfamilien
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Natteramnar Caprimulgiformes
Familie: Natteramnfamilien Caprimulgidae
Vigors, 1825

Natteramnfamilien, Caprimulgidae, er ein biologisk familie av mellomstore nattlege fuglar med lange venger, korte bein og kort nebb. Det vitskaplege namnet kjem frå slekta Caprimulgus, som er latin for geitemjølk, noko som skyldast at mange har trudd desse fuglane syg mjølk frå geiter. Medlemmer i familien finst verda rundt og føretrekkjer habitat i skogområde, omgjeve av opne jorde og lyng myrområde. Dei fleste artane har ein lyd som er karakteristisk for arten, og som ofte høyrast langt og vidt i skumringa og om natta i hekkeperioden.

Skildring

[endre | endre wikiteksten]

Fuglar i natteramnfamilien har korte nebb, men eit særs stort gap, frå munnvikene stikk det ut lange, framretta bustar.

Dei fleste artane i familien har korte bein og små føter, uegna til å flytte seg med. Tre av tærne peikar framover og er samanvaksne med ei hinne fram til første leddet. Mellomtåa er mykje lengre enn dei andre og baktåa er særs kort. Vengene er lange og spisse, medan halen, som består av 10 fjører, er avrunda. Ei typisk fjørdrakt for fuglar i denne familien er mjuk og kamuflasjefarga, ho etterliknar bork eller blad. Auge og øreopningane er i regelen store.

Under hekkesesongen gjev hannar karakteristiske summande lydar.

Som ugler har desse fuglane lydlaus flyging. Dei er hovudsakleg aktive seint på kvelden og tidleg om morgonen, eller om natta, og den viktigaste maten deira er møll og andre større flygande insekt som dei fangar i flukt.

Ein sovande natteramn sit ikkje oppreist, men ligg på magen, vanlegvis på på eit underlag av steinar og greiner. Nokre artar sit på langs etter tregreiner i staden for på tvers som er vanleg for fuglar flest. Dette gjer dei meir krevjande å oppdage.

Dvalenatteramn har ei unik evne til å gjennomgå ei form for dvale, fuglane kan redusere kroppstemperaturen sterkt i veker eller månader, andre artar i familien kan gå inn i torpor, ei stode av dvale for kortare periodar.[1] Fuglar i natteramnfamilien legg éit eller to mønstra egg rett på bakken.

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]
Trillenatthauk,Chordeiles acutipennis i Costa Rica
Foto: Jerry Oldenettel
Natteramn, Caprimulgus europaeus
Foto: Dûrzan cîrano
Puertoriconatteramn, Antrostomus noctitherus
Foto: Mike Morel

Tradisjonelt har natteramnfamilien vore delt inn i to underfamiliar; «typiske natteramnar», Caprimulginae, samlar ca. 80 artar, og natthaukar, Chordeilinae, som dekkjer ca. 10 artar. Desse to gruppene liknar kvarandre mykje, men dei «typiske natteramnane» har lengre nebb og mjukare fjørdrakter. Natthaukar er avgrensa til Amerika.

Artsliste

[endre | endre wikiteksten]

Natteramnar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Underfamilie Eurostopodinae

Slekt Eurostopodus

Slekt Lyncornis


Underfamilie Caprimulginae

Slekt Gactornis

Slekt Chordeiles

Slekt Lurocalis

Slekt Nyctiprogne

Slekt Nyctipolus

Slekt Systellura

Slekt Nyctidromus

Slekt Eleothreptus

Slekt Uropsalis

Slekt Setopagis

Slekt Hydropsalis

Slekt Macropsalis

Slekt Siphonorhis

Slekt Nyctiphrynus

Slekt Phalaenoptilus

Slekt Antrostomus

Slekt Caprimulgus

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Lane JE, Brigham RM, Swanson DL. (2004) "Daily torpor in free-ranging whip-poor-wills (Caprimulgus vociferus)." Physiological and Biochemical Zoology 77 (2):297-304
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Natteramnfamilien