Marit Malm Frafjord | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. november 1985 (38 år) Tromsø kommune |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 182 centimeter |
Marit Malm Frafjord på Commons |
Marit Malm Frafjord (fødd 25. november 1985) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Tromsø som 2006-21 deltok i 13 meisterskapsturneringar og vann medalje i alle. Ho er såleis dobbel olympiameister, verdsmeister og femfaldig europameister. Våren 2014 var ho med om å vinne EHF-cupvinnarcupen for Viborg HK. Frafjord var linejspelar, utmerkte seg særleg i forsvarsspelet.
Frafjord var Byåsen-spelar i åtte år frå 2002. Sidan gjorde ho teneste 2010-14 i danske Viborg HK og 2014-17 i norske Larvik HK. 2017/18-sesongen var ho aktiv for CSM București. Frafjord avslutta karrieren med spel for Esbjerg i perioden 2018-22.
Frafjord debuterte på det norske kvinnelandslaget i handball 28. september 2005 i kamp mot Portugal. Frafjord deltok òg under EM i 2006 og fekk dimed EM-gull. I 2011 var ho med å ta gull for Noreg i Handball-VM i São Paulo i Brasil, då dei slo Frankrike i VM-finalen.