Maoristormsvale | |
Foto: Wikipedia-brukar: Aviceda
| |
Status | |
Status i verda: Kritisk truga | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormsvalefamilien Hydrobatidae |
Slekt: | Fregetta |
Art: | Maoristormsvale F. maoriana |
Vitskapleg namn | |
Fregetta maoriana Mathews, 1912
|
Maoristormsvale, Fregetta maoriana, tidlegare Oceanites maorianus,[1] er ein liten sjøfugl i oseansvalefamilien Oceanitidae. Arten var antatt å vere utdøydd etter 1850, men ein serie av observasjonar frå 2003 fram til i dag indikerer nærvære av ein tidlegare ukjend koloni.[2][3] Per 2010 har arten status 'kritisk trua' på IUCN raudliste. Han har til tider vore vurdert som ein underart av, eller endå ein variant av oseanstormsvale, O. oceanicus, men er eit ganske distinkt artstakson. DNA frå prøvene i musea i England og Frankrike har samsvar med prøver frå fuglar funne i Haurakigolfen på Nordøya på New Zealand.[4] Undersøkinga tyder òg på arten truleg er meir i slekt å stormsvaler i slekta Fregetta enn i Oceanites.[5]
Maoristormsvala er ein liten sjøfugl, og mellomstor stormsvale, ca. 17 cm. Ho har mørkebrun til svart overside, med unntak av kvit overgump. Undersida er svart frå halsen til brystet, med kvit buk som har svart strekar, og føtene er prosjektert langt bak halen. Maoristormsvala skil seg frå den meir vanlege stormsvalearten funnen på New Zealand, oseanstormsvala, ved det bleike, øvre vengbandet, kvit buk med striper, smalt kvitt område på undervengene, lengre bein, og mørkare symjehud.
Utanfor hekkesesongen lever maoristormsvala pelagisk, langt til havs, og dette, saman med dei bortgløymde hekkeplassane dei nyttar, gjer det vanskeleg å observere fuglen.
Dei første indikasjonane på nærvære av maoristormsvala kom den 25. januar 2003 nær Mercury Islands utanfor Coromandelhalvøya på Nordøya, og skildringar vart publisert i ein artikkel. Medan ornitologar jakta etter svartbukstormsvaler og fregattstormsvaler den 17. november same året, fekk dei gode bilete og videoar av 10 til 20 i maoristormsvaler utanfor Great Barrier og Hauturu/Little Barrier Island i Haurakigolfen. Ved årsskiftet 2005 2006 fekk tre maoristormsvaler festa radiosender på seg. Rørslene blei berre spora til havs og arbeid med å finne hekkeplassen til fuglen har so langt vore mislukka. Dei mest sannsynlege hekkeplassane ligg innanfor Haurakigolfen. Ornitologar har jamleg sett desse fuglane i Haurakigolfen etter 2006.