Fregetta | |
Maoristormsvale, Oceanites maorianus Foto: Wikipedia-brukar: Aviceda
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormsvalefamilien Hydrobatidae |
Slekt: | Fregetta Bonaparte, 1855 |
Fregetta er ei biologisk slekt i oseansvalefamilien. Desse små stormfuglane lever sirkumpolart på den sørlege halvkula. Dette er to nokså like artar, ca. 20 centimeter lange, mørk overside og hovud, kvit overgump, underside og underside av vengene. Svartbukstormsvala skil seg frå systerartane ved at beina ikkje stikk ut bak halen i flukt og ved ei svart stripe langs buken.[1]
Ein art i slekta, maoristormsvale, har tidlegare vore rekna som utrydda og har truleg berre ein svært liten populasjon. Ho var tradisjonelt klassifisert i slekta Oceanites, men i Clementslista blei ho sett inn i Fregetta frå 2012.
Fregetta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]