Lanius
Swahilivarslar, Lanius cabanisi, Mikumi National Park, Tanzania Foto: Muhammad Mahdi Karim
Swahilivarslar, Lanius cabanisi,
Mikumi National Park, Tanzania
Foto: Muhammad Mahdi Karim
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Varslarfamilien Laniidae
Slekt: Lanius
Linnaeus, 1758

Lanius er ei biologisk slekt av mellomstore til store sporvefuglar. Slekta gjer ut for 29 av i alt 33 medlemmer av varslarfamilien, Laniidae. Artar i slekta er tilstades i Nord-Amerika, Eurasia og Afrika. Mange, særleg nordlege artar som tornskate, Lanius collurio, er sterke trekkfuglar, men det finst òg fleire døme på standfuglar i Lanius.

Skildring

[endre | endre wikiteksten]

Alle artane har kraftig, skarpt nebb med ein liten krok i enden. Eit anna typisk trekk er ei svart ansiktmaske, ei brei, svart augestripe frå nebb og til bak øyrane. Variasjonen i storleik er mellom 14 og 50 centimeter for dvergvarslar, Lanius gubernator, og kinavarslar, Lanius sphenocercus, høvesvis. Hos dei mest fargerike artane er hofuglar bleikare i fargene enn hannar, men hos mange av artane dominerer grått, svart og kvitt i fjørdrakta, og kjønna er da relativt like.

Slekta har to utbreiingskonsentrasjonar, i Asia og i Afrika. Ca. 11 artar lever avgrensa til Afrika, av dei er svovelvarslar, Lanius newtoni, endemisk for øya São Tomé utanfor Vest-Afrika. Av dei asiatiske artane har nokre, som isabellavarslar, Lanius isabellinus, overvintringsområde i Afrika. Berre krattvarslar, Lanius meridionalis, har heilårsutbreiing avgrensa til Europa, tre andre artar er utbreidde i Europa og Asia. Amerikavarslar, Lanius ludovicianus, er avgrensa til Nord-Amerika, borealvarslar, Lanius borealis, lever i austlege Asia og i Nord-Amerika.

Artslista

[endre | endre wikiteksten]

Lanius i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
Referansar
  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 26. november 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lanius