Krattvarslar | |
Krattvarslar Foto: Murisec 71
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av krattvarslar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Varslarfamilien Laniidae |
Slekt: | Lanius |
Art: | Krattvarslar L. meridionalis |
Vitskapleg namn | |
Lanius meridionalis |
Krattvarslar (Lanius meridionalis) er ein fugl i varslarfamilien som lever på Den iberiske halvøya og litt inn i sørvestlege Frankrike. Han er i hovudsak ein standfugl.
Krattvarslar liknar arten varslar som har langt vidare utbreiing i Eurasia utan overlapping på Iberia, samt Afrika. Storleiken på desse to artane er lik, krattvarslaren si lengd er på 24–25 centimeter og han veg typisk 50–90 gram. Han har kraftigare nebb, mørkare gråfarge på oversida og fjørdrakta har meir beige eller rosa fargeskjær på undersida enn varslaren. Krattvarlar skil seg òg frå varslar i habitatval, dei kan leve i opne fruktbare område med enger og vinmarker, og i opne, men meir tørre område med tornebuskar.[1]
Etter ei omgruppering av takson i slekta Lanius i 2017-2018,[2] er krattvarslar no monotypisk i slekta, med utbreiing avgrensa til Sørvest-Europa.
Populasjonen er estimert til mellom 0,7 og 1,3 millionar individ og er snøgt minkande.[3]