Idar Kristiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. mai 1932
Honningsvåg
Død

10. januar 1985 (52 år)
Tromsø kommune

Yrke skribent, lyrikar

Idar Kristiansen (19321985) var ein norsk forfattar fødd i Honningsvåg.

Forfattardebuten kom med diktsamlinga Sanger fra en tundra i 1957. I 1970 kom Korstog mot Kautokeino, ei dokumentarskildring av Kautokeino-opprøret på 1850-talet. Hovudverket hans var serien «Kornet og fiskene» i fire band om den finske innvandringa til Finnmark, Svanevinger i nord (1978), Den salte åkeren (1979), Stiene fører til havet (1980) og Guds nåde nordpå (1981). Han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1981 for serien. Den siste boka hans, Nådekvalpenes dal, kom ut posthumt i 1985. Boka var tenkt å vera den fyrste i eit tre-bandsverk om evakueringa og brenninga av Finnmark under Andre verdskrigen, men han fekk berre ferdig fyrste bandet før han døydde.

Prisar og utmerkingar

Bøker

Bakgrunnsstoff