Gvat | |||
kibbutz | |||
Inngangen til kibbutz Gvat
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Galilea | ||
Distrikt | Nord | ||
Kommune | Jezreeldalen | ||
Koordinatar | 32°40′30.71″N 35°12′41.75″E / 32.6751972°N 35.2115972°E | ||
Folketal | 959 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 28. november 1926 | ||
- Grunnlagd av | Olim frå Pinsk | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Gevat 32°40′31″N 35°12′42″E / 32.675197222222°N 35.211597222222°E | |||
Wikimedia Commons: Gvat | |||
Gvat eller Gevat (hebraisk גְּבַת) er ein kibbutz nord i Israel nær Migdal HaEmek i Jezreeldalen. Han er ein del av Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 670. Innbyggjarar i Gvat starta Plastro, ein av dei største produsentane av dryppvatningssystem.
Kibbutzen vart grunnlagd den 28. november 1926 av ei gruppe pionerar under den fjerde Aliyah frå Pinsk i Polen, inkludert Haim Gvati, seinare ein minister i den israelske regjeringa. In 1922 danna dei første innbyggjarane ein Kvutza til minne om 35 medlemmar i det jødiske samfunnet i Pinsk som art drepen av den polske hæren den 5. april 1919 under Pinsk-massakren.[2][3][4] Kibbutzen vart kalla opp etter Givta, ein by nær Tzippori i perioden til Det andre tempelet. I 1931 vart det planlta ein skog til minne om offera etter Pinsk-massakren nær Gvat, med støtte frå Jewish National Fund og donasjonar frå det jødiske samfunnet i Pinsk.
Kibbutzen vart grunnlagd den på klassiske sionist-sosialistiske prinsipp og fram til i dag har ikkje staden hatt ei synagoge. Gvat fekk seinare med seg folkf rå Poalei Zion-rørsla frå Pinsk og området rundt, i tillegg til medlemmar av HaHalutz frå Polen og Tyskland.[5]
Etter ein splid i Kibbutzrørsla (hebraisk הקיבוץ המאוחד)), Hakibbutz HaMeuhad) i 1951, forlet somme medlemmar Gvat og danna i lag med medlemmar av Kvutzat HaSharon kibbutzen Ihud HaSharon - Gvat, som seinare fekk namnet Yif'at[5] i 1952.[6]
Den 6. oktober 1973, under Jom kippúr-krigen, råka sovjetiskproduserte FROG-7-missil sendt opp frå Syria Gvat, truleg med ein nærliggande flyplass som mål.[7] Trass i store skadar på bygningane, var det ingen dødsfall, sidan innbyggjarane hadde sove i bomberom.[8]
I 2006 hadde Gvat eit folketal på 670.[4]
År | Folketal i Gvat |
---|---|
1947 | ~600[3] |
1957 | 604[9] |
2006 | 670 |