Ginegar | |||
kibbutz | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Jezreeldalen | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Jezreeldalen | ||
Koordinatar | 32°39′50.03″N 35°15′29.87″E / 32.6638972°N 35.2582972°E | ||
Folketal | 655 (2015) | ||
Grunnlagd | 1922 | ||
- Grunnlagd av | polske og russiske emigrantar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Ginegar 32°39′50″N 35°15′30″E / 32.663897222222°N 35.258297222222°E | |||
Wikimedia Commons: Ginegar | |||
Ginegar (hebraisk גִּנֵּיגָר) er ein kibbutz nord i Israel, ikkje langt frå Nasaret. Han ligg nær Migdal HaEmek og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 481.
Kibbutzen vart grunnlagd i 1922 i Nedre Galilea på Rosh Hashanah-aftan. Kibbutzen vart kalla opp etter den gamle muren Gingar, som framleis er synleg i dag. Grunnleggjarane i kibbutzen, som arbeidde på ein moshavim i området på den tida, kom under den andre og den tredje Aliyah. Dei slo seg saman i 1920 og grunnla Degania Gimel sør for Degania Bet, der kibbutz Beit Zera seinare vart grunnlagd. Dei måtte sidan flytte fordi dei mangla land, og kom til den noverande staden.