Traneslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Tranefamilien Gruidae |
Slekt: | Traneslekta Grus Brisson, 1760 |
Grus er ei biologisk slekt av særs store og langbeinte fuglar i tranefamilien. Utbreiingsområdet er i hovudsak Eurasia, i tillegg lever to artar i Afrika og ein i Nord-Amerika. Grus-tranene er trekkfuglar, unntatt dei afrikanske.
Slekta Grus vart først skildra av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760.[1] Namnet Grus er det latinske ordet for «trane».[2] Den tyske ornitologen Peter Simon Pallas vart nokre gonger kreditert for å ha definert slekta i 1766, men Den internasjonale kommisjonen for zoologisk nomenklatur avgjorde i 1956 at Brisson skulle ha prioritet.[1]
Slekta inkluderte tidlegare fleire artar. Ein molekylær fylogenetisk studie publisert i 2010 fann at slekta Grus, som då definert, var polyfyletisk.[3] I den resulterande omorganiseringa for å lage monofyletiske slekter, vart kanadatrane, kvitnakketrane, sarustrane og brolgatrane flytta til den gjenoppretta slekta Antigone, først skildra av den tyske naturforskaren Ludwig Reichenbach i 1853.[4] Snøtrane vart flytta til den gjenoppretta monotypiske slekta Leucogeranus.[4]
Dette er svært store fuglar, typisk 95-120 cm i kroppslengde. Vortetrane i Afrika skil seg ut med ei kroppslengd på 175 cm.[5] Som andre traner har medlemmene i Grus særs lange bein og lang hals, og spisse, dolkforma nebb. Dei fleste har fjørdrakt i grått med innslag i kvitt, unntaket er trompetertrane som er mest kvit. Vengene har lange tertiærfjører som ser ut som ein buskete stjert når fuglen står oppreist.[6] To artar, trane og jomfrutrane har ei vid hekkeutbreiing i Eurasia, av dei hekkar trane i Noreg, medan jomfrutrane er ein sjeldan streiffugl i Noreg.[6] Vortetrane og blåtrane hekkar i Afrika. Ein art, trompetertrane, lever i svært innskrenka område i Nord-Amerika. Dei tre øvrige artane har utbreiing på mindre område i Asia. Alle artane er trekkfuglar unntatt dei to afrikanske tranene.
Fugleslekta Grus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[4] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN-kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]