Kanadatrane | |
Kanadatrane | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kanadatrane | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Tranefamilien Gruidae |
Slekt: | Fugleslekta Antigone Antigone |
Art: | Kanadatrane A. canadensis |
Vitskapleg namn | |
Antigone canadensis |
Kanadatrane (Antigone canadensis) er ein særs stor fugl i tranefamilien (Gruidae). Arten høyrer til slekta Antigone, som i alt omfattar fire artar. Seks underartar er godkjente.
Ifølgje IUCN si globale raudliste er arten livskraftig.[1]
Kanadatrane var tidlegare rekna til traneslekta, Grus, men «HBW and BirdLife International Illustrated Checklist of the Birds of the World» plasserer arten i Antigone, ifølgje del Hoyo et al. (2014).[2] Nokon vel likevel framleis å plassera desse som basale artar i slekta Grus, men slekta blir då ifølgje Krajewski et al. (2010) parafyletisk.[3]
Kanadatraner varierer mykje i storleik. Nominatforma og underartane rowani og tabida viser ei gradvis morfologisk endring. Sistnemnde er betydeleg større og består av fem populasjonar som også viser morfologiske forskjellar, men desse er framleis lite studerte. Nominatforma blir kring 120 cm høg. Hannen veg cirka 3 750 g og hoa 3 350 g. Til samanlikning veg hannen av underarten A. c. tabida cirka 5 390 g og hoa 4 300 g. Vengespennet utgjer kring 160–210 cm.[4]
Kanadatraner har unison grå fjørdrakt som lysnar litt oppover halsen mot hovudet. Også dette er fjørkledd, med unntak av den berre raude huda i panna. Dei ulike underartane varierer meir i storleik enn farge. Dei tre nordlegaste underartane er trekkfuglar, som ofte er meir brune enn grå under trekket. Dette kjem av at fjørdrakta blir farga av sølebad.[4]
Inndelinga følgjer HBW Alive og Archibald et al. (2016).[4] Norske namn følgjer Norsk namnekomité for fugl og Syvertsen et al. (2008).[5]
Habitatet består av grunne våtmarksområde og fuktig grasland i breie elvedalar og langs innsjøar. Arten har òg tatt i bruk dyrka mark.[4]
Arten hekkar på open våtmark. Dei tre nordlegaste underartane hekkar i mange ulike typar våtmark, medan dei sørlege òg hekkar på savanne, prærie og beiteland med meir.[4]