Kea | |
Vaksen kea i Fiordland på New Zealand Foto: Mark Whatmough
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av kea | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Familie: | Nestoridae |
Slekt: | Nestor |
Art: | Kea N. notabilis |
Vitskapleg namn | |
Nestor notabilis Gould, 1856
|
Kea, Nestor notabilis, er ein stor papegøyeart av nyzealandske papegøyar funnen i skog og alpine område av Sørøya på New Zealand. Kea er verdas einaste alpine papegøye. Som altetande har han diett hovudsakleg sett saman av røter, blad, bær, nektar og insekt, men inkluderer òg kadaver.[1] Tidlegare var det jakt på kea med skotpremie på grunn av at det innanfor jordbruksstrøk var otte for åtak på husdyr, spesielt på sau.[2] Først frå 1986 fekk arten fullt vern.[3]
Keaer hekkar i hòler eller sprekker blant trerøter. Dei er kjente for å vere nysgjerrige og intelligente, avgjerande evner for å overleve i eit barskt alpint miljø. Keaer kan løyse logiske oppgåver, slik som å skyve og dra ting i ei bestemt rekkjefølgd for å kome fram til mat, og vil samarbeide for å oppnå eit bestemt mål.[4]
Namnet kea kjem frå maori og er eit lydhermande ord.[5]
Keaen er ein stor papegøye på rundt 48 centimeter med kroppsvekt på 0,8 til 1 kg.[6] Fjørdrakta er for det meste olivengrøn, nebbet er grått og han har eit langt og tynnt nedbøygd øvre nebb. Vaksne individ har mørkebrune irisar, og cere, augeringar og beina er i grått. Dei har oransje fjører på undersida av vengene. Fjørene på sidene av andletet er mørk olivenbrune, fjører på ryggen og overgumpen er oransjeraude, og nokre av dei yste vengefjørene er i diffust blått. Keaen har ein kort og brei blågrøn hale med svart tupp. Hannar er ca. 5 % lengre enn hoer, og han har eit øvre nebb er 12-14 % lengre enn hoa.[7] Juvenile keaer liknar generelt på dei vaksne fuglane, men har gule augeringar og cere, ein oransjegult undernebb, og grågule bein.[8]
Keaer er sosiale fuglar og lever i grupper på opp til 13 individ.[9] Isolerte individ trivst dårleg i fangenskap, men responderer godt på spegelbilete.[10]
I minst eit fall er det rapportert at keaer er polygyne, med ein hann knytt til fleire hoer. Same kjelde gjorde merksam på at det var eit overskot av hofuglar.[11]
Leveområdet til keaer spenner frå elvedalar i låglandet og kystnære skogar på vestkysten opp til dei alpine områda av Sørøya som Arthur's Pass og Mount Cook nasjonalpark. Dei er nært knytt til heile utbreiinga av sørbøkskogen (Nothofagus) i høgdedraga. Bortsett frå sporadiske streiffuglar, er ikkje keaer funne på Nordøya, sjølv om fossile funn tyder på at ein populasjon levde der for over 10 000 år sidan.[12]
Populasjonen vart anslått til mellom 1000 og 5000 individ i 1986,[13] i kontrast til eit anna estimat på 15 000 fuglar i 1992.[14] Begge estimata kviler sterkt på føresetnader.[14] Det som gjer estimata usikre er at arten har ein omfattande distribusjon med låg tettleik over utilgjengelige område.[15][16]
Kea er ein av ti papegøyeartar som er endemiske for New Zealand.
I ein studie av eit hekkeområde fann ein reirplassar med tettleik på eit reir per 4,4 km².[16] Mest vanleg finn ein hekkeområda i skogar med tre av slekta sørbøk,[17] Nothofagus, i bratte fjellsider. Hekkinga går føre seg i høgd på 1600 moh. og høgare, dette er ein av få papegøyartar i verda som regelmessig lever over tregrensa. Reira er vanlegvis plasserte på bakken under store bøketre, i fjellsprekker eller i utgravne hòler mellom røter. Hòlar har tilgjenge via tunnelar som fører 1 m til 6 m inn i eit større kammer, som er fôra med lav, mose, bregnar og rotnande treverk. Egglegginga startar i juli og strekkjer seg inn januar.[18] Kullet er på to til fem kvite egg, dei har ei rugetid på rundt 21 dagar, etterfølgt av ein periode for omsut på 94 dagar.[19]
Dødsrata er høg blant unge keaer, med mindre enn 40 % att etter det første leveåret.[20] Gjennomsnittleg levetid for ein vill ung kea har vore berekna til 5 år, basert på attfunn i påfølgjande sesongar i Arthur's Pass, medrekna estimat for spreiing til omkringliggande område. Rundt 10 % av den lokale populasjonen var trudd å vere over 20 år.[14] Den eldste kjende kea i fangenskap vart 50 år gammal i 2008.[20]
Som altetande, beitar keaer på meir enn 40 planteartar, biller, larver, andre fuglar inkludert lireungar, og pattedyr inkludert kaninar.[4][9] Det har vorte observert at keaer bryt seg inn i reirhòler til lirer for å ta ungane etter å ha høyrt dei i reiret.[21] Keaer har òg tatt føremon av menneskeleg avfall og mating.[22]
Keaen sin vidgjetne trong til å utforske og handtere gjer denne fuglen ei plage for dei fastbuande, men ein attraksjon for turistar. Vanlegvis treffer folk på keaer på vintersportsstader på Sørøya. Fuglane er motiverte av høve til å finne matrestar og ofte skildra som «frekke». I rolla «klovnen av fjella»,[23] vil han undersøkje eller hakke på ryggsekker, skotøy og jamvel bilar, ofte med resultat av skadeverk eller han flyg av garde med mindre gjenstandar.
Det har vore ei langvarig usemje om i kva grad kea jaktar på sau. I 1993 vart det gjort eit videoopptak[4] som synte at minst nokre fuglar kan åtake og ete av friske sauar. Videoen stadfesta kva mange forskarar lenge hadde mistenkt, at keaer kan bruke det kraftige nedbøygde nebbet sitt og klørne for å rippe gjennom laget av ull, og hakke på dyret.