Fasanar er ei gruppe av fuglar i den biologiske familienPhasianidae med fellesnamnet «fasan» på norsk. Det finst ca. 44 artar i 14 slekter med fellesnamnet. Dette er fuglar prega av sterk kjønnsdimorfisme, hannar er mykje iaugefallande med klåre farger og utsmykningar som hudlappar og lange halar. Hannen er vanlegvis større enn hoene med lengre halar, dei bidreg ikkje i omsut for kyllingane. Fasanar er frøetarar og et òg noko insekt.
Den mest kjende er arten er fasan, Phasianus colchicus, er no utbreidd over heile verda, innført som jaktfugl med forvilla populasjonar og i fjørfedrift. Diverse andre fasanartar er populære i fangenskap, slik som gullfasan, Chrysolophus pictus.
↑Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)