Dactylotum bicolor | |
Dactylotum bicolor | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Rettvenger Orthoptera |
Familie: | Acrididae |
Slekt: | Dactylotum |
Art: | D. bicolor |
Vitskapleg namn | |
Dactylotum bicolor Charpentier, 1843
|
Dactylotum bicolor er ein grasshoppeart i familien Acrididae som har varselfargar. Han stammar frå USA, Canada og Nord-Mexico, og er kjend som rainbow grasshopper, painted grasshopper og barber pole grasshopper på engelsk. Arten blei fyrst skildra av den tyske entomologen Toussaint de Charpentier i 1843.
Dactylotum bicolor blir gjennomsnittleg rundt 20 mm lang for hannar og 35 mm for hoer. Grashoppa er hovudsakleg svart, med særmerkte raudlege og gulaktige merke, lysegrøn prothorax (framdel av kroppen) og lysegrøne vengeputer. Tibiaen på bakfoten har seks til åtte pigar. Arten utviklar ikkje venger, og kan ikkje flyga.[1][2]
Ein har identifisert tre underartar:[3]
Fargen variere gjennom utbreiingsområdet. D. b. pictum er svart med lite raudt, D. b. variegatum har særskilde raude merke, og D. b. bicolor har eit lilla- eller fiolettaktig skin på ein svart bakgrunnsfarge.[4]
Før ein oppdaga arten Dichroplus silveiraguidoi i Uruguay i 1956, var Dactylotum bicolor arten med det lågast kjende talet på kromosom blant grasshoppeartar, med sytten sentrome kromosom.[5]
Arten held til på kortgrasprærie, ørkengrasland, område med tynn vegetasjon og alfalfaåkrar[2] i vestdelen av Great Plains i USA (og Sør-Canada), sørover til Arizona, New Mexico, Texas og inn i Nord-Mexico.[1]
Grashoppa legg egg i mjuk jord i fleire omgangar, omlag hundre egg kvar gong. Desse egga overvintrar og klekkar seint om våren og tidleg på sommaren, og vaksne insekt opptrer frå september til oktober. Dei har ein enkelt generasjon kvart år.[2]
Vaksne grashopper er polyfage og kan eta mange ulike planteratar. Nymfer lever berre av Baccharis wrightii (engelsk Wright's false willow) i Arizona og New Mexico. Ein har obserbert at nymfene orienterer seg i høve til sola i posisjonar rundt busken for termoregulering, eller å halda kroppstemperaturen passeleg. Om morgonen og kvelden beiter dei nær bakken i full sol, men midt på dagen flyttar dei seg til det skuggefulle senteret av busken. Om natta sit dei i dei øvrer greinene, men dette kan vera mest for å unngå predatorar på bakken.[1]
Fargane til insekta blei viste å fungera som varselfargar i eit eksperiment kring predasjon frå firfislearten Aspidoscelis inornatus. Dei sterkt farga grashoppene var mindre attraktive for firfislene som føde enn svakare farga Trimerotropis-artar av liknande storleik, sjølv om firfislene ikkje kjende til arten Dactylotum bicolor frå før, sidan arten ikkje finst i det naturlege habitatet deira. Firfislene kan tidlegare ha kome over anna bytte med varselfargar som breiteger (Pentatomidae), teger i Lygaeoidea eller maurvepsar (Mutillidae).[6] Fuglar vil heller ikkje eta grashoppa.[4]