Markgrashopper
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Rettvenger Orthoptera
Underorden: Caelifera
Overfamilie: Acridoidea
Familie: Markgrashopper Acrididae
Macleay, 1819

Markgrashopper (Acrididae) er ei gruppe av rettvengene (Orthoptera) og tilhøyrer ei familiegruppe blant grashoppene.

Utsjånad

Nokre artar har kjegleforma hovud, her Acrida cinerea.

Markgrashopper er små til svært store grashopper (5-120 mm) med korte antenner. Mange er grøne, men dei kan òg vera brunspragla eller meir fargerike. Hjå nokre artar er hovudet kjegleforma uttrekt, og antennene kan vera sigdforma. Medlemmene i denne familien har vanlegvis velutvikla venger. Bakbeina er kraftige hoppebein, leggane piggete. Hjå hoa har bakkroppspissen eit kraftig, butt eggleggingsrøyr.

Levevis

Markgrashoppene er planteeterar, som kanskje særleg lever av gras. Hannane syng ved å gni baklåra med sida av framvengene. Dei fleste artane har velutvikla venger, men desse grashoppene er ofte ikkje i stand til å fly lange avstandar. I staden bruker dei vengene til å segla avgarde, og kan dermed forlenga eit hopp med nokon meter. Mange har sterkt farga, raude, gule eller blå bakvenger som står i kraftig kontrast til den kamuflasjefarga kroppen. Dette gjer at grashoppa «forsvinn» når ho set seg og foldar vengene saman, noko som forvirrar angriparar. Nokre artar lagar raslande eller klaprande lydar når dei flyg.

Vandrande artar

Dei fleste av dei vandrande grashoppene blir rekna til familien tornbrystgrashopper (Catantopidae), men det finst nokre artar av Acrididae som også kan gjennomføra massevandringar. Den mest kjende av desse er europeisk vandregrashoppe (Locusta migratoria) som trass det norske namnet er utbreidd langt vidare enn Europa, frå Nord-Afrika gjennom store delar av Asia og heilt til det nordlege Australia. Arten dannar ikkje faste bestandar i Nord-Europa, men finst permanent i nokre område i sør. Han kunne tidlegare dukka opp over heile Europa, og det er registrert øydeleggande massevandringar så langt tilbake som 1347. Frå Noreg kjenner ein berre til enkeltfunn av streif-individ, sist i 1882.

Utbreiing

Grashoppene er utbreidde i alle verdsdelar.

Systematisk inndeling

Treliste

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Markgrashopper