Bordstabelsbakkels eller bordstabel er ei norsk småkake med rektangelform som ein kan servera oppstabla.[1] Ho blir ofte baka til jul,[2] og kan reknast som eit av dei sju slaga.[3]
Deigen blir laga med egg, sukker, mjøl, smør og fløyte.[2][4] Etter at han er kjevla flat kan ein skjera ut kakene i rektangel, gjerne med ei bakkelsspore.[2] Kvar kake får eit fyll laga av eggekvite, sukker og mandlar som ein kan steika i lag med dei[5][2][3] eller ha på etter ei tid med steiking.[6] Når kakene er ferdige kan dei serverast i ein stabel.[6]
Kakene er også noko utbreidde blant norsk-amerikanarar.[7][8][9]