Bohem (frå det franske namnet på Böhmen, Bohême) viser til nokon som lever eit ubunde, ukonvensjonelt liv, gjerne som kunstnar, forfattar, intellektuell eller liknande.[1]
Omgrepet bohémien viste opphavleg til franske sigøynarar, som var komne til landet gjennom Böhmen. På 1800-talet blei omgrepet også teke i bruk om målarar, forfattarar, musikarar og skodespelarar som slo seg ned i sigøynarområde og levde fattigsleg, men «fritt» frå borgarlege konvensjonar. Denne tydinga av ordet blei utbreidd gjennom Scènes de la vie de Bohème (1848) av Henri Murger,[1] som gav inspirasjon til operaen La bohème (1896) av Puccini. «Bohem» blei også brukt om kunstnarkretsar andre stader.
«Bohemarkulturen» byrja å bli etablert i USA frå 1850-talet, etter å ha kome til landet via immigrasjon.[2] I New York i 1857 kalla ei gruppe på 15-20 unge, kultiverte journalistar seg bohemar fram til utbrotet av den amerikanske borgarkrigen i 1861.[3] Gruppa kom saman i ein tysk bar på Broadway som heitte Pfaff's beer cellar.[4] Medlemmar i gruppa var mellom anna leiaren Henry Clapp Jr., Ada Clare, Walt Whitman, Fitz Hugh Ludlow og skodespelaren Adah Isaacs Menken.[4]
Under borgarkrigen blei «bohem» nytta som tittel av ei rekkje ulike avisreporterar, og blei eit synonym for ein ein som skreiv i avisa.[3]
Mark Twain omtalte seg sjølv og Charles Warren Stoddard som bohemar i 1867.[3] I 1872 nytta ei gruppe journalistar og kunstnarar i San Francisco, som jamleg kom saman til kulturelle tilstellingar, namnet om klubben sin, Bohemian Club.[5] Bohemian Grove nord for byen blei seinare knytt til klubben.
I Noreg er ordet knytt til Kristiania-bohemen. Også her blei namnet kjent gjennom ei bok, Fra Kristiania-bohêmen (1885) av Hans Jæger.[1] Ni «Bohêmbud» tilskrivne Jæger er også godt kjende frå denne tida. Den litterære rørsla knytt til mellom anna Jæger, Christian Krohg og Arne Garborg, er blitt kjend som bohemrørsla.[6]
Bohemene vart på 1960-talet eit kallenamn på Vålerenga Fotball, på bakgrunn av den uhøgtidelege stilen og dei kjappe replikkane som kjenneteikna dette miljøet.
Sportspubben Bohemen i Oslo blei oppretta i juli 1998 med utgangspunkt i supportermiljøet rundt Vålerenga.