Bohemian Club | |||
Bohemian Club sitt City Clubhouse, sett frå hjørnet mellom Taylor Street og Post Street. | |||
Skipa | 1872 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | San Francisco | ||
Motto | Weaving spiders come not here | ||
Nettstad | https://www.bohemianclub.com/ |
Bohemian Club er ein USA-amerikansk herreklubb som held til to stader: Eit klubbhus i Nob Hill i San Francisco i California og Bohemian Grove nord for byen i Sonoma County.[1] Han blei grunnlagd i 1872 av ei gruppe journalistar, kunstnarar og musikarar som jamleg kom saman, og tok etterkvart også opp forretningsfolk som permanente medlem. Han gav også mellombels medlemskap til universitsleiarar (til dømes frå Berkeley og Stanford) og militærleiarar som gjorde teneste i San Francisco Bay Area. Kvinner kan ikkje bli medlem av klubben.[2]
City Club held til i ein seksetasjes murbygning på hjørnet mellom Post Street og Taylor Street, to kvartal vest frå Union Square, og i same kvartal som Olympic Club og Marines Memorial Club. Klubbhuset har spiserom, møterom, ein bar, eit bibliotek, eit kunstgalleri, eit teater og gjesterom.
Kvart år held klubben ein tre veker lang (tre helger) leir ved Bohemian Grove, som er kjend for framståande gjester og ein eklektisk seremoni kalla Cremation of Care der ein brenn ein figur som førestiller "Care"[3] (alle plagene ein måtte ha i livet) og har storslåtte kostyme og pyroteknikk. Dette skjer ved breidda av ein innsjø ved foten av ein 12 meter høg uglestatue.[4] Det blir også framført to utandørs spel, kalla Grove Play eller High Jinks og det meir komiske Low Jinks.[5]