Beqaa | |||
البقاع | |||
guvernement | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Administrasjonsstad | Zahlé | ||
Koordinatar | 33°50′N 35°54′E / 33.833°N 35.900°E | ||
Areal | 4 429 km² | ||
Folketal | 489 900 (2007) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
![]() Guvernementet Beqaa 33°50′00″N 35°54′00″E / 33.833333333333°N 35.9°E | |||
Wikimedia Commons: Beqaa Governorate |
Beqaa (arabisk البقاع Al-Biqā) er eit guvernement i Libanon med kring 750 000 innbyggjarar.
Beqaa guvernement dekkjer eit areal på 4 429 km². Béqaa er det viktigaste jordbrukssenteret i Libanon. Beqaa guvernement er det største i Libanon og ligg mellom dei vestlege og austlege fjellkjedene i landet. To elvar renn gjennom Béqaa: Litani og Asielva
Guvernementet dekkjer Beqaadalen.
Temperaturen varierer frå -10 °C til 35 °C gjennom året. Béqaa får ein god del regn og snø om vinteren.
Landsbyane Zahlé, Baalbeck, Machgara, Niha, Anjar, Qab Elias, Kfar Zabad, Karaon Dam, Chtaura og Furzul er dei viktigaste turistmåla i området. Béqaa guvernement ligg langs ein eldgamal veg mellom Libanon, Syria og resten av den arabiske verda. Guvernementet er kjend for vinindustrien her, sommarfestivalane og kjøkenet.
Av folkesetnaden er 42 % sjia, 30 % kristne, 25 % sunni og 3 % drusarar