Baalbek | |||
بعلبك | |||
by | |||
Jupitertempelet i Ballbek
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Beqaa guvernement | ||
Distrikt | Baalbek distrikt | ||
Høgd | 1 170 moh. | ||
Koordinatar | 34°0′25″N 36°12′14″E / 34.00694°N 36.20389°E | ||
Areal | 7 km² | ||
- storbyområde | 16 km² | ||
Folketal | 82 608 | ||
- storby | 105 000 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Verdsarvstad | |||
År | 1984 (#8) | ||
Kriterium | i, iv | ||
![]() Baalbek 34°00′22″N 36°12′31″E / 34.006111111111°N 36.208611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Baalbek | |||
Baalbeck eller Baalbek (arabisk بعلبك) er ein by i Beqaadalen i Libanon som ligg aust for Litanielva. Han vart kalla Heliopolis (gresk Ἡλιούπολις) under romersk stye, og var ein av dei største heilagdomane i riket med somme av dei best bevarte romerske ruinane i Libanon. Gudane vart dyrka i tempelet – Jupiter, Venus og Bacchus.
Det vert halde ein årleg festival i Baalbek, Baalbeck internasjonale festival. Byen ligg kring 85 km nordaust for Beirut og kring 75 km nord for Damaskus. Han har litt over 80 000 innbyggjarar, hovudsakleg sjiamuslimar.
Det er gjort funn nær tempelet frå før-keramisk neolittisk B frå yngre steinalder til jernalderen, mellom anna skår av keramikk.[1]
Busetnad i Baalbek er datert attende til kring 9 000 år sidan.[2]
Etter Aleksander den store erobra Det nære austen i 334 fvt. vart busetnaden som låg her kalla Heliopolis (Ἡλιούπολις). Byen fekk status som colonia av Septimius Severus i 193 evt, etter å ha vore ein del av territoriet Berytus på den fønikiske kysten sidan 15 fvt. Det religiøse kompleket her vart stadig utbygd over ein periode på 150 år, og aldri gjort ferdig. Bygningane var av dei største religiøse byggverka i heile Romarriket.
I dag står berre seks korintiske søyler att. Åtte søyler vart tekne ned og frakta til Konstantinopel under Justinian kring 532-537, for basilikaen Hagia Sophia. Det største av dei tre templa var Jupiter Baal, som vart bygd i det første hundreåret, og stod ferdig kring år 60.[3] Det hadde opphavleg 54 søyler og var bygd med blokker som vog opp mot 60 tonn kvar, og ein hjørnestein på over 100 tonn, alle av dei heva til ei høgd 19 meter over bakken.[4] Ein trur at dette vart gjort ved hjelp av fleire romerske kranar. Romartempelet var bygd over ruinane av tidlegare tempel.
I 637 erobra den muslimske armeen under Abu Ubaida ibn al-Jarrah Baalbek etter å ha slått den bysantinske armeen i slaget ved Yarmouk. Han var då framleis ein velståande by og krigsbyttet var rikt. Han var åstad for strid mellom forskjellige syriske dynasti og kalifar frå Damaskus, og seinare Egypt. I 748 vart byen plyndra på ny med store tap av menneskeliv. Den bysantinske keisaren Johannes Tzimisces plyndra byen i 975. I 1090 vart han ein del av seldsjukkane sitt rike, og i 1134 gjekk han til zengarane og i 1175 vart han erobra av Saladin. Krossfararane plyndra dalen fleire gonger, men klarte aldri å ta byen. Byen vart råka av jordskjelv tre gonger på 1100-talet, og han vart riven ned i 1260 då han var base for mongolane under det siste mislukka åtaket mot mamelukkane i Egypt. Byen vart bygd opp att og dei fleste moskeane og festningsverka vart bygd under regjeringstida til sultan Qalawun (1282), då Abulfeda skildra byen som ein særs sterk stad. Byen vart plyndra i 1400 av Timur Lenk.
I 1517 gjekk byen i lag med resten av Syria til Det osmanske riket. Men det osmanske styret i Libanon var svakt. Baalbek vart hardt råka av jordskjelv i 1759, og vart i røynda styrt av Metawal-familien.[5]
Den 4. august 2006, under Libanonkrigen i 2006, gjekk israelske soldatar, flydde inn av helikopter og med støtte frå bombefly, til åtak på det sjiamuslimske Hikmeh sjukehus i Baalbek for å ta fleire medlemmar av Hizbollah til fange. Israelarane meinte desse medlemmane stod bak kidnappinga av to israelske soldatar den 13. juli 2006. Fleire soldatar mista livet i åtaket og det vart mindre skadar på sjukehuset. Det var ingen pasientar på sjukehuset på denne tida.[6][7] Det vart rapportert at ristingane frå bombene førte til skadar på dei romerske ruinane. UNESCO tilbaud hjelp for å få dei restaurert att.[8]
Baalbeck har eit halvtørt middelhavsklima med varme, tørre somrar, og relativt kalde, stundom snørike vintrar.
Vêrdata for Baalbek | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 9 | 9,8 | 13,7 | 19 | 24,4 | 29,6 | 32,5 | 33 | 29 | 23,7 | 16,3 | 11,1 | 20,9 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 4,4 | 5 | 8,2 | 12,8 | 17,2 | 22 | 24,3 | 25,1 | 21 | 16,7 | 10,7 | 6,3 | 14,5 |
Gjennomsnittleg min °C | −0,1 | 0,3 | 2,8 | 6,6 | 10,1 | 14,4 | 16,2 | 17,2 | 13,1 | 9,7 | 5,2 | 1,6 | 8,1 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 103 | 86 | 60 | 31 | 17 | 1 | 0 | 0 | 2 | 16 | 49 | 79 | 444 |
Kjelde: [9] |
Baalbek er venskapsby med: