Bakkels (frå mellomnedertysk backels, 'det som blir bakt på ein gong')[1] er eit gammalt ord for mindre bakverk som kan vera kokte i smult.[2] Det finst i namnet til fleire kaketypar, som bordstabelbakkels, fattigmannsbakkels, hjortebakkels, rosettbakkels, sandbakkels og vassbakkels.
Bakels[3], bakkels, bakelse eller bakkelse[1] har i nordisk samanheng tradisjonelt vist til små bakverk.[4][5] Ordet kan visa til ein type kake bakt frå gammalt av i ulike delar av Noreg til høgtider og festar. Dei var laga av mjøl, sukker, egg, fløyte og vatn og ofte steikte i særskilde jarn med fint mønster som kunne omfatta namn og årstal. Denne kaketypen er også kjend som jønnbrød, avletter og anna.[3]
Andre typar er fattigmannsbakkels, ein frityrkokt bakkels laga av tynt kjevla og forma deig (sjå fattigmann),[6] hjortebakkels, ei tradisjonell norsk form for smultringar laga med hornsalt (sjå hjortetakk),[7][8] sandbakkels, eit anna namn på sandkake,[9] laga med mjøl, smør, sukker, egg, mandlar og bakepulver, og vassbakkels, ein type bakkels laga med mjøl, smør, egg og vatn og ofte fylte med krem.[10][11]