Arinae | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Overfamilie: | Parakittar Psittacoidea |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Underfamilie: | Arinae |
Dei neotropiske papegøyane (Arinae) eller «den nye verdas» papegøyar omfattar rundt 165 artar i 32 biologiske slekter som finst over heile Sør- og Mellom-Amerika, Mexico, Karibia og tidlegare i det sørlege USA.[1] Blant dei er nokre av dei mest kjende og ikoniske papegøyane, inkludert blågulara, solparakitt og gulhovudamazon.
Papegøyane i «den nye verda» har vore kjende for europearar sidan 1492 då Columbus førte dei inn i notata sine. Systematiske skildringar av neotropiske papegøyar var først tilgjengeleg i publikasjon av den tyske naturforskaren Georg Marcgraf i 1648, og av den engelske naturforskaren Mark Catesby i 1731 og 1743.
Om lag 15 artar og ei slekt, Mascarinus, har vorte utrydda dei siste hundreåra.[2] Ei anna slekt er utdøydd i naturen. Over ein tredel av dei eksisterande artane er klassifiserte som trua av IUCN. Nokre få av desse er i overhengande fare for utrydding med færre enn 500 individ i naturen eller i fangenskap: asurara, brilleara, blåstrupeara, puertoricoamazon, og olivenmaskepapegøye. Dei viktigaste årsakene til nedgang i papegøyebestandar er tap av habitat gjennom avskoging ved flathogst, brenning og flaum ved bygging av demningar, fangst for burfuglhandel og introduksjon av ikkje-stadeigne predatorar.
Ein ny art, kondorpapegøye, vart oppdaga så seint som i 2002.
New World-papegøyane er monofyletiske, og har vore geografisk isolert i minst 30–55 millionar år ved molekylære dateringsmetodar. Sjølv om ganske få fossil av moderne papegøyar er kjende, er dei fleste av desse frå stammen Arini av araer og parakittar; dei eldste er frå 16 millionar år sidan. Dette er prov på at moderne slekter for det meste var ulike frå dei i pleistocen, for nokre millionar år sidan.
Neotropiske papegøyar omfattar minst to monofyletiske kladar, ein av primært langhala artar slik som araer, og den andre av primært korthala papegøyar inkludert amazonpapegøyar.[3]
Kladogram for dei neotropiske papegøyane:
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Underfamilien Arinae inneheld 165 artar og er delt inn i 34 slekter. Inkludert ein art med ein siste mogleg observasjon i 2001 i Paraguay, asurara (Anodorhynchus glaucus). Kladogrammet er basert på ein fylogenetisk studie av Brian Smith og medarbeidarar som vart publiserte i 2023. I analysen vart slektene Nannopsittaca, Bolborhynchus og Psilopsiagon funne å ikkje vere monofyletiske.[4] Talet på artar i kvar slekt er henta frå IOC-lista.[5] Utforming av kladogrammet er frå «Psittacidae» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2023. |