Andesrikse | |
Andesrikse Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1894 (public domain) | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Andesrikse | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Riksefamilien Rallidae |
Slekt: | Rallus |
Art: | Andesrikse R. semiplumbeus |
Vitskapleg namn | |
Rallus semiplumbeus P.L. Sclater, 1856
|
Andesrikse (Rallus semiplumbeus) er ei rikse som er endemisk for Colombia. Ho har utbreiing i páramo-myrer, savannar og våtmarker i departementa Cundinamarca og Boyacá i austlege Andes, ikkje langt frå Bogotá.
Dette er ein lita til mellomstor rikse, 25–30 cm i lengd, som er skifergrå frå sidene av andletet og bakover til buken. Halsen og brystet er òg i bleikgrått. Bakre del av flankene er svart med noe irregulære, kontrastrike, kvite tverstriper. Oversida er olivenbrun til raudbrun. Beina og nebbet har avdempa raudfarge.
Dei beitar gjerne i vassige habitat, så dietten er variert og sett saman av virvellause dyr, blautdyr og insekt, makk, rumpetroll, og froskar. Dei kan òg ta plantemateriale. Normalt har dei habitatet i høgder frå 2500 moh. opp til 4000 moh., i utbreiingsområdet er dette både páramo-myrer og savannar.
Andesrikse er venteleg monogame og dannar territorium. Forplantingsbiologien er ikkje kjent.
Denne riksearten har ein estimert populasjon på totalt 1500-3750 og er minkande. Han er klassifisert som sterkt truga (EN) fordi utbreiiingsområdet ikkje er større enn 730 km2 og habitatet framleis blir innskrenka og utarma.