Framstilling av ei tradisjonell tekanne med yixing-leire.

Yixing-leire eller zisha-leire er ein type leire frå området nær byen Yixing i Jiangsu-provinsen i Kina.

Bruken av leira går attende til Song-dynastiet (960-1279) då lilla leire først vart tatt ut rundt innsjøen Taihu i Kina.[1] Frå 1600-talet vart leirvarene eksportert til Europa.

Det ferdige steintøyet som er nytta i samband med laging og driking av te og andre småting er vanlegvis raudt eller brunt i fargen. Det er kjend som lilla sand-steintøy og er som oftast utan glasur. Leira som er nytta i yixing-steintøy er veldig kohesiv og kan bli forma ved hjelp av begitting, spiralforming eller mest vanleg plateforming. Dei mest kjende produkta laga av yixing-leire er yixingtekanner (宜興紫砂壺; yíxīng zǐshā hú, 'yixing lilla sand-kanne').

Leiretypar

[endre | endre wikiteksten]
Raud tekanne av yixing-leire.
Mørk, firkanta yixing-tekanne.

Omgrepa «yixing-leire» og «zisha-leire» er ofte nytta som paraplyuttrykk om tre ulike typar steintøy:

Ved å blande desse leirene kan ein få grøn- og blåfargar.

Mineralsamansetting

[endre | endre wikiteksten]

Kjemisk er zisha ei blanding av kaolin, kvarts og glimmer med eit høgt innhald av jernoksid. Ho er i hovudsak tatt ut i Huanglongshan og Zhaozhuangshan og har ei litt sandaktig tekstur. Prosessen med å lage til leire er lang og var tradisjonalt ein løyndom. Typisk vart leira brent i ein oksyderande atmosfære ved temperaturar mellom 1100°C-1200°C som er høgare enn med vanleg leire.[2]

Sjå òg

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. YiXing Teapots info, arkivert frå originalen 30. september 2013, henta 1. november 2010 
  2. K.S. Lo, et al., The Stonewares of Yixing: from the Ming period to the Present Day, (London, 1986).