Yitzhar | |||
יִצְהָר | |||
landsby | |||
Region | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Shomron | ||
Koordinatar | 32°10′5.16″N 35°14′10.67″E / 32.1681000°N 35.2362972°E | ||
Folketal | 1 106 (2011) | ||
Grunnlagd | 1984 | ||
• Grunnlagd av | Amana | ||
Yitzhar 32°10′05″N 35°14′11″E / 32.1681°N 35.236297222222°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Yitzhar |
Yitzhar (hebraisk skrift יִצְהָר) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda sør for byen Nablus. Det hovudsakleg ortodokse, jødiske samfunnet har eit folketal på 1106 (2011) og er underlagt Shomron regionale kommune.[1] I høve vilkåra i Osloavtalen frå 1993 mellom Israel og Palestinsk frigjeringsorganisasjon, høyrer Yitzhar til område C under full israelske sivil og militær kontroll.[2]
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]
Innbyggjarane i Yitzhar har eit rykte for å vere av dei mest ekstreme israelske nybyggjarane og er stadig i strid med israelske tryggingsstyrkar og palestinske sivile. Busetjinga er i framgrunnen for den såkalla «Prislapp-linja» som står for åtak mot palestinarar som hemn for handlingar frå dei israelske styresmaktene mot busetjingar på Vestbreidda.[4][5] I mai 2014 sa Shin Bet at hatkriminalitet og prislapp-metoden hovudsakleg gjaldt kring 100 ekstremistiske ungdommar, hovudsakleg frå Yitzhar, som handlar etter ideane til rabbi Yitzchak Ginsburg som held til i busetjinga.[6]
Yitzhar ligg aust for Israel si sperring på Vestbreidda, 20,5 kilometer frå Den grøne linja.
Moshavar | |
---|---|
Fellesbusetnader | Alei Zahav · Avnei Hefetz · Barkan · Brukhin · Einav · Elon Moreh · Har Brakha · Hermesh · Hinanit · Itamar · Kfar Tapuach · Kiryat Netafim · Ma'ale Shomron · Mevo Dotan · Migdalim · Peduel · Rechelim · Revava · Sha'arei Tikva · Shaked · Shavei Shomron · Tal Menashe · Tzofim · Yakir · Yitzhar |
Andre landsbyar | |
Utpostar | El Matan · Giv'ot Olam · Havat Gilad · Havat Skali · Havat Yair · Hill 777 · Mitzpe Yosef · Nofei Nehemia · Homesh · Ramat Gilad · Seneh Ya'akov · Tapuah West |