Yasmin Syed | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. november 1966 (57 år) London ![]() |
Yrke | skodespelar |
Prisar | Alf Helleviks mediemålpris |
Yasmin Syed (fødd 7. november 1966 i London) er ein norsk skodespelar, kanalvert og programleiar.
Syed er fødd i London. Mora er frå Noreg medan faren var indiskguyanar. Familien hadde tenkt å busetja seg i Guyana, men faren hennar døydde der, berre 39 år gammal.[1] Ho flytta som 2-åring til Vinje i Telemark, der ho voks opp.
Yasmin Syed studerte musikk, teater og dans ved Pacific Lutheran University i Tacoma i den amerikanske delstaten Washington med fordjuping i song.
I 1997 spelte ho den kvinnelege hovudrolla i den norske filmen Halvveis til Haugesund. Filmen er ein road-movie og var ein del av hovudprogrammet under filmfestivalen i Haugesund. I 1999 spelte ho politioverkonstabel i Familiesagaen de Syv Søstre på TV 2. Same år vart ho også tilsett som kanalvert på NRK1. I 2002 og 2003 var ho med i livssynsprogrammet Styk Live på NRK. Jula 2008 leidde ho Julemorgen saman med Kåre Magnus Bergh.[2] Ho har også eit eige band, Yasmin's Bandpower. I 2009 mottok ho Kringkastingsprisen.[3]
I 2013 var Yasmin Syed aktuell som programleiar for den nye fjernsynssatsinga Dialektriket på NRK. I programmet reiste ho rundt i Noreg for å finna ut kva det er med dialektane som er så viktig for nordmenn.[4]