Yantra er eit geometrisk diagram som kan brukast innan utøving av indiske religionar, særleg tantrisk hinduisme.[1] Det kan brukast som hjelpemiddel til meditasjon, som symbol på ein guddom eller som dekorasjon, til dømes av tempelgolv.[1] Eit yantra-mønster viser kosmogoni frå eit senter som står for det absolutte eller guddommeleg og utover til den materielle verda.[1] Det er ein visuell representasjon av eit mantra, eit ord eller kort uttrykk ein kan meditera over. Ofte har yantra-diagram korta frømantra, bīja, skrive ned i seg.[1]
Yantra kan minna om ein maṇḍala, men skil seg mellom anna ved at dei også kan vera eit tredimensjonelle objekt laga av stein eller metall.[1]