29. mai: Jimmy Wales, ein av grunnleggjarane av Wikipedia, heldt eit føredrag[1] (om Wikipedia) i Bergen, etterfølgt av eit wikitreff med norske wikipediabrukarar.
25. mars2005: Nynorsk Wikipedia får eit ansiktsløft med eit design inspirert av Wikipedia på engelsk og fleire nye bolkar på framsida. Som eit viktig steg i skandinavisk wikipediasamarbeid får utvalde artiklar frå wikipediane på dei fire skandinaviske skriftspråk ein plass på framsida. Me har òg fått ein nyhende-bolk.
14. mars2005: Nynorsk Wikipedia passerer 4000 artiklar og er dermed oppe i 80% av den halve myriaden.c
9. mars2005: [Målform på no/nb.wikipedia]: Røystinga om kva målform no/nb.wikipedia skal ha er starta. Når den er over skal ein røyste over kva namn den skal ha i framtida.
27. oktober2004: Nynorsk wikipedia får sin 1000. artikkel, “Sauda”, og er dermed med blant dei 52 wikipediaene som til no har minst 1000 artiklar. Me satsar friskt og markerer viljen til å bli eit breitt oppslagsverk med den 1001. artikkelen, “Karnatisk musikk”.
19. september2004: I ein diskusjon på Wikipedia-l, ein av dei viktigaste mailinglistene til Wikipedia, vert nynorsk nemnd i ein diskusjon om koss ein skal stille seg til wikipedia på oppdikta eller daude språk som til dømes Klingon og Gotisk. Enkelte meiner at så lenge der er aktivitet, så burde kva språk som helst få sitt eige frie oppslagsverk. Ein annan brukar nemnde at nynorsk verken er særs oppdikta eller daudt (sjølv om han påstår at nynorsk er eigentleg er ein "kodifisering av søraustnorske rurale dialektar"), og han ga oss skrøyt for å ha klart å få til 528 artiklar på den korte tida me har vore aktive (vonar dei ikkje finn ut at 365 av desse er dato-malar :P). BjarteSorensen 10:58, 19 Sep 2004 (UTC)
19. september2004: Det er oppretta ei epost-liste for generell diskusjon vedrørande nynorske Wikimedia prosjekt.