Wadi Og
elv
Wadi Og
Land  Israel
Kart
Wadi Og
31°46′39″N 35°25′40″E / 31.7775°N 35.4277778°E / 31.7775; 35.4277778
Wikimedia Commons: Og River

Wadi Og (hebraisk נחל אוג, arabisk وادي مكلك) er ein elv som renn om vinteren nær den israelsk busetjinga Almog. Han renn 30 km frå Jerusalem til Daudehavet.[1]

Wadi Og er den nordlegaste av elvane som flyt frå Judeaørkenen til Daudehavet.[2] Elva drenerer fjellsida av Oljeberget, Scopusfjellet og Abu Dis i Jerusalem 800 meter over havet og fell til Daudehavet 400 meter under havnivå .[3] Den bratte elva flyt raskt om vinteren,[2] og fleire gonger har flaum i elva vaska bort delar av veg 90.[4][5] Elva dreg med seg gjøme og avfall med vatnet og stundom kan ein flaumperiodar sjå hundremeter lange spor med gjørme ut i Daudehavet. Elva renn forbi Nabi Musa. Ved slutten av elva vart det bygd eit reservoar som lagrar vatnet frå flaumane og som vert nytta av Almog.[6]

Namnet på elva kjem frå den lokale sumak-planta (Rhus tripartita) som veks i dalen, og som heiter og på hebraisk.[1][3]

Panorama av Wadi Og frå Og utkikkspunkt.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Nahal Og Arkivert 2016-04-12 ved Wayback Machine. at Afek Family Travels
  2. 2,0 2,1 Nahal Og (Og Stream) ved Israel Traveler
  3. 3,0 3,1 Nahal Og Arkivert 2020-05-01 ved Wayback Machine. i Dead Sea Guide
  4. Israeli Welcome Rain i Israel National News
  5. Floods make some people's day, ruin others' i Haaretz
  6. Israel goes "from Red Line to Black" as the water crisis worsens i The Jerusalem Post