Volunteers Studioalbum av Jefferson Airplane | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1969 | |
Innspelt | 28. mars til 12. juni 1969[1] | |
Studio | Wally Heider Studios i San Francisco | |
Sjanger | Psykedelisk rock, acidrock, folkrock | |
Lengd | 44:19 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | Al Schmitt | |
Jefferson Airplane-kronologi | ||
---|---|---|
Bless Its Pointed Little Head (1969) |
Volunteers | The Worst of Jefferson Airplane (1970)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Robert Christgau | (B)[3] |
Rolling Stone | (positiv)[4] |
The Rolling Stone Record Guide[5] |
Volunteers er eit album frå 1969 av det amerikanske psykedeliske rockebandet Jefferson Airplane. Det var kontroversielt då det kom ut på grunn av antikrigsmeldingane i enkelte av songane. Den originale tittelen skulle opphavleg vere Volunteers of America, men etter press frå RCA Records vart namnet endra.
Det var det sjette albumet til bandet og det første som vart spelt inn berre i San Francisco, i Wally Heider sitt då toppmoderne 16-spors studio. Av gjester på albumet finn ein Jerry Garcia på pedalsteelgitar, pianist Nicky Hopkins, framtidig Airplane-trommis Joey Covington på perkusjon, David Crosby og Stephen Stills. Det var ei av dei første 16-sporsinnspelingane.
Albumet var prega av sterke antikrigs- og anarkisongar. Tema som natur, samfunn og økologi vart òg utforska på songane «The Farm» og «Eskimo Blue Day». Tittelsporet var faktisk inspirert av ein «Volunteers of America»-søppelbil som vekte songaren Marty Balin ein morgon. Albumet skapte ytterlegare kontrovers med tekstlinjer som «Up against the wall, motherfucker» (frå songen «We Can Be Together») som opna songen, og «shit» vert nemnd fleire gonger på «Eskimo Blue Day». Musikalsk var albumet prega av den sylskarpe sologitaren til Jorma Kaukonen (duellsoloen på «Hey Fredrick», samt «Good Shepherd» og «Wooden Ships») og den særeigne pianospelinga til Nicky Hopkins. Bandet prøver seg òg på countryrock på songane «The Farm» og «Song For All Seasons».
Trass i kontroversane vart albumet ein salssuksess for bandet og det fjerde albumet på rad på Topp 20. Det selde til gullplate to månader etter det kom ut.[6]
Dette skulle verte det siste albumet til grunnleggaren av Jefferson Airplane, Marty Balin og trommeslagar Spencer Dryden, så det vart rekna som slutten på den «klassiske» besetninga. Det var òg det siste albumet på to år, sidan Jack Casady og Jorma Kaukonen kom til å nytte meir tid på bluesgruppa Hot Tuna, medan Paul Kantner og Grace Slick fødde dottera China i 1971.
Ein kvadrofonisk miks (4 kanalar) av albumet kom ut i 1973. Desse miksane er merkbart forskjellige frå dei vanlege stereomiksane. «Hey Fredrick» nyttar eit anna vokalopptak, «Volunteers» er ein heilt annan song, og «The Farm» har korvokal av the Ace of Cups langt framme i miksen.
I 2003 vart albumet rangert på 370. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, men vart i 2012 flytta tre plassar ned til 373. plassen.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd kvadrofonisk miks | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «We Can Be Together» | Paul Kantner | 5:56 | 5:48 |
2. | «Good Shepherd» | tradisjonell, arrangert av Jorma Kaukonen | same mix | 4:21 |
3. | «The Farm» | Kantner, Gary Blackman | 2:32 | 3:15 |
4. | «Hey Fredrick» | Grace Slick | 9:00 | 8:26 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd kvadrofonisk miks | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Turn My Life Down» | Kaukonen | same miks | 2:54 |
2. | «Wooden Ships» | David Crosby, Kantner, Stephen Stills | 5:50 | 6:24 |
3. | «Eskimo Blue Day» | Slick, Kantner | 6:15 | 6:31 |
4. | «A Song for All Seasons» | Spencer Dryden | same miks | 3:28 |
5. | «Meadowlands» | tradisjonell, arrangert av Slick, Kantner | same miks | 1:04 |
6. | «Volunteers» | Marty Balin, Kantner | 2:21 | 2:08 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Good Shepherd» (live) | traditional, arranged by Kaukonen | 7:20 |
12. | «Somebody To Love» (live) | Darby Slick | 4:10 |
13. | «Plastic Fantastic Lover» (live) | Balin | 3:21 |
14. | «Wooden Ships» (live) | Crosby, Kantner, Stills | 7:00 |
15. | «Volunteers» (live) | Balin, Kantner | 3:26 |
Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1969 | Billboard Pop Albums | 13 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1969 | «Volunteers» | Billboard Pop Singles | 65 |
374: Siren Roxy Music |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 373 Volunteers Jefferson Airplane |
372: Regatta De Blank The Police |