Vollen er ein tettbygd stad sør i Asker kommune i Akershus. Staden var i tidlegare tider eit senter for båtbygging, med tre store skipsverft på slutten av 1800-talet. Mellom anna Roald Amundsens polarskip «Maud» vart bygd her.
I Vollen ligg mellom anna Oslofjordmuseet.