Voll | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Rauma | ||
Areal | 0,77 km² | ||
Folketal | 500 (2023) | ||
Folketettleik | 649 / km² | ||
Postnummer | 6386 MÅNDALEN | ||
Voll kommune 62°31′42″N 7°26′20″E / 62.528333°N 7.438889°E |
Voll er ein tettstad i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke. Voll var tidlegare òg ein kommune. Tettstaden har 500 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg nedst i Måndalen, ved Vollabukta i Romsdalsfjorden. Elva Måna renn ut i fjorden her.
Her ligg Voll kyrkje frå 1896.
Frå 1837 var Voll del av Eid og Voll formannskapsdistrikt.
1. januar 1874 vart området deld i to, og Voll vart eigen kommune med 695 innbyggjarar. 1. januar 1965 vart Voll slege saman med Eid, Grytten, Hen og det meste av Veøy kommunar til den nye Rauma kommune. Ved samanslåinga hadde Voll 1163 innbyggjarar.
Folketalsutvikling for tidlegare Voll kommune frå 1874 til 1964:
1875[1] | 1900[1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1964[5] |
---|---|---|---|---|---|---|---|
973 | 1014 | 969 | 952 | 1105 | 1086 | 1172 | 1163 |