Vigslevatn i entrén till Katolska Kyrkan i Ystad.

Vigslevatn er vatn som har vorte velsigna av ein prest eller biskop, eller i nokre tilfelle av ein diakon. Det vert brukt i Den katolske kyrkja, Den ortodokse kyrkja og dei austlege ortodokse kyrkjene, Den gammelkatolske kyrkje, deler av Den anglikanske kyrkja og nokon andre kyrkjesamfunn. Vigslevatnet vert brukt til dåp (og vert då ofte kalla dåpsvann), velsigningar, asperges og nokre andre kyrkjelege handlingar. I mange kyrkjer finn ein vigslevasskar ved inngangen, som ein kan dyppa fingrane før ein gjer krossteiknet.

Vigslevatn vert rekna som eit symbol på dåpen.

Den anglikanske kyrkja

I Den anglikanske kyrkja vert brukt vigslevatn av den høgkyrkjelege delen av kyrkja, spesielt av anglo-katolikkar.

Det er vanleg, men ikkje universelt, med vigslevasskar i kyrkjer og katedralar. I tillegg vert det blant anna brukt til å velsigna gjenstandar, både kyrkjelege gjenstandar som religiøse statuar og krusifiks og andre gjenstandar som bilar og hus.

Den katolske kyrkja

I Den katolske kyrkja vert vigslevatnet rekna som eit sakramentalie, og det vert svært ofte brukt.

Vigslevasskar er obligatorisk i alle kyrkjer. Seremonien asperges vert brukt på enkelte festdagar i staden for vanleg syndsvedkjenning; forsamlinga vert då stenka med vigslevatn. Det vert òg brukt ved velsigningar av gjenstandar og eksorsisme.

Ein skil i Den katolske kyrkja mellom fire ulike typar vigslevatn:

Ortodokse kyrkjer

Vigslevatn vert brukt i ortodokse kyrkjer til velsigningar og eksorsisme, og dessutan at det vanlegvis vert brukt ved dåp. Vigslevasskar finst i mange kyrkjer, men det er ikkje fullt så vanleg som i Den katolske kyrkja at dei truande dyppar fingrane i det. Mange ortodokse kristne velsignar seg med vigslevatn ved å drikka det, og det er vanleg å ta vare på ein del av det heime så ein kan drikka litt kvar morgon. Det kan òg brukast av lekfolk til å velsigna nokon eller noko når det ikkje er ein klerikar til stades.

Kjelder