Veslepolske | |||
voivodskap | |||
|
|||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Kraków | ||
Areal | 15 108,0 km² | ||
Folketal | 3 360 581 (2013)[1] | ||
Veslepolske voivodskap 49°51′00″N 20°16′00″E / 49.85°N 20.266666666667°E | |||
Kart over fylka i voivodskapet.
| |||
Wikimedia Commons: Lesser Poland Voivodeship | |||
Veslepolske voivodskap (polsk województwo małopolskie eller berre Małopolskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i Polen, har eit areal på 15 108 km² og eit folketal på 3 360 581.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Kraków, Tarnów, Nowy Sącz og delar av Bielsko-Biała og Katowice. Provinsen har fått namn etter den historiske regionen Małopolska eller Veslepolen.
Provinsen grensar i nord til Świętokrzyskiefjella (Góry Świętokrzyskie), i vest til Jura Krakowsko-Częstochowska og i sør til Tatrafjella, Pieninyfjella og Beskidane. Politisk grensar han til Schlesiske voivodskap i vest, Święty Krzyż-voivodskapet i nord, Subkarpatiske voivodskap i aust og Slovakia i sør.
Veslepolske voivodskap var ein del av det gamle Małopolska, som i lag med Storpolen (Wielkopolska) og Schlesien (Śląsk) utgjorde den tidlege polske staten i mellomalderen.
Nesten heile Veslepolen ligg innanfor nedslagsfeltet til Wisła. Byen Kraków var europeisk kulturby i 2000.
Voivodskapet inneheld 57 byar og byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]:[daud lenkje]
1. Kraków (756 757) |
29. Wolbrom (9 075) |
Veslepolske voivodskap er delt inn i 22 fylke (powiat): 3 byfylke og 19 landfylke. Desse er vidare delt inn i 182 gmina.