Venstre | |||
| |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Troels Lund Poulsen[1] | ||
Grunnlagt | 1870 | ||
Hovudkvarter | Søllerød | ||
Medlemstal | 30 791 (2020)[2] | ||
Ideologi | konservativ liberalisme, klassisk liberalisme, agrarparti | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre |
Venstre er eit politisk parti i Danmark. Partiet kallar seg òg Danmarks Liberale Parti. Det er eitt av to danske parti som er medlemer i Den liberale internasjonale. Det andre er Radikale Venstre, som oppstod som eit utbrytarparti frå Venstre i 1905. Det norske Venstre reknar Radikale Venstre som sitt danske systerparti, medan det danske Venstre ofte vert samanlikna med Høgre i Noreg.
Partiet si ungdomsrørsle heiter Venstres Ungdom.
Venstre vart stifta i 1870 ved ei samling av forskjellige grupper som i samtida vart sedde som venstreorienterte, under namnet «Det forenede Venstre». Det første partiprogrammet kom i 1870. På den tida var Venstre i opposisjon til godseigarane og De Nationalliberale. Venstre sine motstandarar, som støtta kongemakta, vart seinare til Højre (avløyst av Det Konservative Folkeparti).
I 1905 braut Det Radikale Venstre ut av Venstre etter indre stridar. Venstre har etter dette vorte rekna som eit borgarleg parti grunna sin økonomiske politikk og det liberalistiske prinsipprogrammet. Det har bore namnet «Venstre» sidan 1910.
Venstre vart det største partiet i Danmark ved folketingsvalet i 2011, med 26,7 % av røystene, og 47 av 179 mandat i Folketinget.
Venstre har hatt 11 statsministrar.
Val til Folketinget 1960–2011
|