Velikaja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 31 000 km² | ||
Lengd | 556 km | ||
Kjelde | Korjakfjella | ||
Munning | Beringhavet | ||
Velikaja i Tsjukotka 64°32′01″N 176°07′25″E / 64.533656°N 176.123719°E | |||
Wikimedia Commons: Velikaya River (Chukotka) |
Velikaja eller Onemen (russisk Великая, Онемен) er ei elv i Tsjukotka i Russland. Elva er 556 km lang og har eit nedslagsfelt på 31 000 km².
Elva renn nordaustover frå Korjakfjella og munnar ut i Beringhavet ved Anadyrbukta, like søraust for munningen til den større elva Anadyr.
Det er ein liten busetnad i området, rundt 80 km før munningen, som òg heiter Velikaja. Kvitkval (beluga) er vanlege rundt munningen.
Eitt av dei innfødde namna på elva er Etsjinku, og i enkelte dokument frå sovjettida var denne elva referert til som Velikaja-Etsjinku.