Robåt med grønt vaterbord, og kvitt oppståande skvettbord

Vaterbord er ytste planken i eit skipsdekk eller eit bord som ligg over ripbordet i ein open båt.

På eit kravellbygd fartøy ligg vaterbordet ut mot rekkestøttene, og fylgjer fasongen til rekka. Det kan vere ein eller fleire plankar. Vaterbordet er tjukkare enn dekksplankane og må difor ha spygatt så ikkje vatn samlar seg på dekk. Har skipet fleire dekk har desse og vaterbord.

På opne båtar som har vaterbord legg dette mest horisontalt opp på ripbordet. Opp på vaterbordet kan det vere festa eit vertikalt skvettbord.

Kjelder