Vasspiplerke | |
Vasspiplerke Foto: Ukjent
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Vasspiplerke | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Eupasseres |
Familie: | Erlefamilien Motacillidae |
Slekt: | Anthus |
Art: | Vasspiplerke A. spinoletta |
Vitskapleg namn | |
Anthus spinoletta |
Vasspiplerke, Anthus spinoletta, er ein liten sporvefugl som hekkar i fjella i Sør-Europa og sørlege tempererte Asia over til Kina. Dette er kortdistanseflyttfugl som vandrar ned til vått, opent lågland slik som myrar og oversumte marker om vinteren. Nokre fuglar migrerer nordover til Storbritannia om vinteren, og dreg nytte av det varme maritime klimaet der.
Som dei fleste andre Anthus-piplerker, er dette ein vanskeleg kjenneleg art som lever på bakken. Denne piplerka er hovudsakleg brun over og mørk stripa gråbrun under. Ho har mørke bein, kvit ytre halefjør og ei lengre mørkt nebb. Om sommaren har ho ein særeigen hekkedrakt, med rosa bryst, grått hovud og eit bleikt augebrynstrek.[1][2] Ho er 15,5 til 17 cm i lengd.
Underarten littoralis av skjerpiplerke i sommardrakt er veldig tett til vasspiplerka i sitt ytre. Likevel kan dei skiljast frå kvarandre etter lætet,[3] og dei okkuperer ulike typar habitat, sjølv når dei generelt finst i det same området.[4] Vasspiplerka er òg mykje mindre imøtekomande enn skjerpiplerke, forlèt området ved å stige høgt og raskt når ein nærmar seg. Vasspiplerka og myrpiplerka overlappar ikkje utbreiingsområde bortsett frå i eit lite område i Sentral-Asia.[5]
Denne arten er insektetar. Ropa er ein eksplosiv 'vyiist', som skjerpiplerka. Songen er lik, men han består av kanskje fem 'blokker' i omtrent eit halvt dusin tonar kvar, det endar anten med ingen eller med gjentatte triller.[4] Skjerpiplerka har færre, men lengre blokker.
Tidlegare var skjerpiplerke og myrpiplerke klassifisert som underartar av vasspiplerke.[6] Førstnemnte er nærare knytt til vasspiplerke enn den sistnemnde, det er indikert av eksterne[1] og molekylære eigenskapar.[7]