Urtete er ein drikk laga av friske eller tørka urter eller krydder.[1] Ein kan bruka blad, blomar, frukter eller røter til å laga urtete, anten heile, i stykke eller i pulverform. Teen kan lagast som uttrekk, det vil seia ved å leggja plantematerialet i varmt vatn over tid, eller ved å koka det i vatn.
Ein kan laga urtete heime, eller kjøpa ferdige pulver eller teposar. Teen kan drikkast varm eller kald. Populære typar blir ofte selde på flaske som leskedrikk.
Til skilnad frå te laga av materiale frå teplanten, inneheld urtetear som regel ikkje koffein.[2] Dei kan i staden innehalda andre stoff, og kan til dømes brukast til urtemedisin. Høge dosar av visse typar urtete kan ha skadelege verknadar.
Helserisiko
Dei fleste urtetear er trygge å drikka til vanleg, men ein del urter kan innehalda giftstoff eller forårsaka allergiske reaksjonar. Nokre plantar ein bør passa seg for er:
Valurt, som inneheld alkaloid som kan vera skadelege for leveren ved langvarig bruk, og særleg ikkje er anbefalt å innta ved svangerskap eller saman med ein del medisinar.[3]
Lobelia, som inneheld alkaloid, kan føra til kvalme, oppkast eller svimmelheit ved høge dosar.[4]
Urter frå visse stader kan innehalda ugrasmiddel eller tungmetall som kan vera skadelege.[5][6][5]
Vanlege typar
Ein kan laga urtete av dei fleste etande plantedelar, og kombinera ulike slag delar. Nokre vanlege typar urtete er:
Aniste, anten laga av frøa eller blada til planten
Asiaskjoldblad (Centella asiatica), blada blir brukt til te i Sør- og Søraust-Asia
Hibiskuste (ofta blanda med nyper), drukken varm eller kald i Midtdausten, på Okinawa i Japan, og brukt i ayurvedisk og tradisjonell kinesisk medisin
Houttuynia
Hortensiate, tørka blad av visse hortensiaslag. Mange artar inneheld giftstoff. «Trygge» plantar høyrer til Hydrangea serrata Amacha ('søt te') kultivargruppe.[8]
Jiaogulan, også kjend somxiancao eller 'fattigmanssginseng'
↑«Herbal tea». Dictionary.reference.com. Henta 4. mai 2014.
↑«Comfrey». Drugs.com. 3 January 2018. Henta 5. januar 2018.
↑«Lobelia». Drugs.com. 3. januar 2018. Henta 5. januar 2018.
↑ 5,05,1Naithani, V; Kakkar, P (2004). «An evaluation of residual organochlorine pesticides in popular Indian herbal teas». Archives of Environmental Health59 (8): 426–30. PMID16268119. doi:10.3200/AEOH.59.8.426-430.
↑Naithani, V; Kakkar, P (2005). «Evaluation of heavy metals in Indian herbal teas». Bulletin of Environmental Contamination and Toxicology75 (1): 197–203. PMID16228893. doi:10.1007/s00128-005-0738-4.
↑Tayel AA, El-Tras WF (2009). «Possibility of fighting food borne bacteria by egyptian folk medicinal herbs and spices extracts». The Journal of the Egyptian Public Health Association84 (1–2): 21–32. PMID19712651.
↑Pittler MH, Ernst E (2000). «Efficacy of kava extract for treating anxiety: systematic review and meta-analysis». Journal of Clinical Psychopharmacology20 (1): 84–9. PMID10653213. doi:10.1097/00004714-200002000-00014.
↑Suwanlert, Sangun (1975). «A Study of Kratom Eaters in Thailand». Bulletin on Narcotics27 (3): 21–27. PMID1041694.
↑Jansen KL, Prast CJ (1988). «Ethnopharmacology of kratom and the Mitragyna alkaloids». Journal of Ethnopharmacology23 (1): 115–9. PMID3419199. doi:10.1016/0378-8741(88)90121-3.