Up on Cripple Creek Singel av The Band frå albumet The Band | ||
A-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 29. november 1969 | |
Innspelt | 1969 | |
Sjanger | Rootsrock, americana | |
Lengd | 4:34 (album) 3:10 (singel) | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Robbie Robertson | |
Produsent | John Simon | |
The Band-kronologi | ||
«The Weight» (1968) |
Up on Cripple Creek | «The Night They Drove Old Dixie Down» (1969)
|
«Up on Cripple Creek» er den femte songen på The Band-albumet The Band frå 1969. Han vart gjeven ut som singel i november 1969 og nådde 25. plass på den amerikanske singellista.[1] Songen ser ut til å syne til Cripple Creek i Colorado, som har vore knytt til gruvedrift sidan gullrushet i 1890-åra. «Up on Cripple Creek» vart skriven av Band-gitaristen Robbie Robertson, med trommeslagar Levon Helm på solovokal.
Det finst konsertutgåver av «Up on Cripple Creek» på konsertfilmen The Last Waltz og det tilhøyrande filmmusikkalbumet, i tillegg til Before the Flood, eit konsertalbum i lag med Bob Dylan frå 1974.
«Up on Cripple Creek» er kjend for ein av dei første songane der ein Hohner Clavinet vert spelt med ein wah-wah-pedal. Riffet kan høyrast etter refrenget i songen. Clavineten, særleg med wah-pedal, vart mykje nytta i funkmusikk utover i 70-åra, og er framleis populær i dag.
Teksten omhandlar tre av favorittemaa til The Band, Sørstatane, amerikansk folkemusikk og alkoholisme, og fortel soga om ein gruvearbeidar som reiser til Lake Charles i Louisiana for å møte ei lokal jente, medan han bruker pengane sine på drinkar.
Liste (1969-70) | Plassering |
---|---|
Canadiske RPM Singles-lista | 10 |
U.S. Billboard Hot 100 | 25 |