University of San Francisco


MottoTraditional: Pro Urbe et Universitate (Latin)
Grunnlagt1855-10-15; 168 år sidan (1855-10-15)[1]
TypePrivat universitet
Studentar10 068 (september 2020)
Tilsette2 009 (september 2020)
LivssynDen romersk-katolske kyrkja
MedlemskapDigital Library Federation, Center for Research Libraries
Nettstadhttps://www.usfca.edu/ (engelsk)


University of San Francisco (USF) er eit privat jesuitt-universitet i San Francisco i California. Hovudcampusen til universitetet ligg på eit 22 hektar stort område mellom Golden Gate Bridge og Golden Gate Park. Denne campusen blir kalla «The Hilltop» og er delt opp i to seksjonar med eit kvartal imellom. Ein del av hovudcampusen ligg på Lone Mountain, ein av dei viktigaste geografiske landemerka i San Francisco. Dei nære historiske banda mellom lærestaden og San Francisco by og county speglar seg i det tradisjonelle mottoet til universitetet, Pro Urbe et Universitate ('For byen og universitetet').[2]

Historie

[endre | endre wikiteksten]
USF-campusen ved solnedgang

St. Ignatius Academy blei grunnlagt av jesuittane i 1855 som ein eittromsskule ved Market Street i det som seinare blei sentrum av San Francisco. Fader Anthony Maraschi var grunnleggjaren og den fyrste presidenten for colleget, i tillegg til å vera professor, college-kasserar og den fyrste pastoren i St. Ignatius kyrkje. Under Maraschi fekk St. Ignatius Academy løyve til å gje ut høgare grader den 30. april 1859, frå delstaten California, underskrive av guvernør John B. Weller. Dette året bytta skulen namn til St. Ignatius College.[3]

Dei opphavleg faga inkluderte gresk, spansk, latinsk, engelsk, fransk, italiensk, algebra, aritmetikk, historie, geografi, veltalenheit og bokføring.[4]

Den opphavlege bygning blei erstatta av eit nybygg i 1862. I juni 1863 fekk universitetet sin fyrste Bachelor of Arts-grad.

I 1880 flytta colleget frå Market Street til ein ny stad på hjørnet av Hayes Street og Van Ness Avenue (som i dag huser Davies Symphony Hall).

Det tredje St. Ignatius College fekk moderate skader ved jordskjelvet i 1906, men blei fullstendig øydelagd i brannen som følgde. Campusen flytta vestover, til hjørnet av Hayes og Shrader Street, nær Golden Gate Park. Det heldt til i ein raskt bygd bygning kjend som Shirt Factory (på grunn av likskapen med liknande fabrikkbygningar i samtida) dei neste 21 åra.

Colleget flytta til den noverande staden sin på Fulton Street i 1927, der det tidlegare hadde vore ein frimurar-kyrkjegard.

For å feira diamantjubileet sitt i 1930 bytta St. Ignatius College namn til University of San Francisco. Endringa frå høgskole til universitet var etterspurd av mange tidlegare studentgrupper og av den mangeårioge borgarmeisteren i San Francisco, James Rolph Jr.[4]

Frå byrjinga hadde skulen berre hatt mannlege fulltidsstudentar, men frå 1964 blei skulen open for begge kjønn. Kvinner hadde hatt tilgang til ulike kveldsprogram innan forretningsfag og juss så tidleg som 1927.

I 1969 flytta high school-delen, som allereie var heilt skild frå universitetet, til den vestlege delen av San Francisco og blei til St. Ignatius College Preparatory.

I 1978 kjøpte universitetet Lone Mountain College.[4] 15. oktober 2005 feira det 150-årsjubileum.[5]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Ziajka, Alan. Lighting the City, Changing the World of the Science at the University of San Francisco. San Francisco: University of San Francisco, Association of Jesuit University Presses, 2014.
  2. «University of San Francisco». 
  3. «CONTENTdm». Henta 2. august 2023. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Ziajka, Alan.
  5. «USFCA.edu». Arkivert frå originalen 6. juni 2009. Henta 14. mai 2009. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: University of San Francisco