Ulverston | ||
---|---|---|
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Konstituerande land | ![]() | |
Grevskap | Cumbria | |
Distrikt | South Lakeland | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
11 524 | |
Koordinatar | 54°12′N 3°5′W / 54.200°N 3.083°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | LA12 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1229 | |
Ulverston er ein by i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 11 500 innbyggjarar. Historisk har byen høyrt til Lancashire nær Lake District og like nord for Morecambe Bay. Ved folketeljinga i 2001 hadde byen 11 524 innbyggjarar.[1]
Hoad-monumentet er eit landemerke i Ulverston. Dette er eit steinmonument reist i 1850 til minne om den britiske statsmannen og geografen sir John Barrow frå Ulverston.[2] Monumentet er synleg frå store delar av området rundt, mellom anna Morecambe Bay og delar av Lake District.
Ulverston-kanalen var tidlegare ein viktig del av økonomien i byen.[3] Han er ikkje lenger operativ, men skal vera den djupaste, breiaste og kortaste kanalen i Storbritannia, med sine 1 1/4 miles (ca. to kilometer).[4] Byen har mange butikkar og pubar, der mange ligg langs den brusteinslagde hovudgata Market Street. Her ligg også minnesmerket over lokale falne under fyrste verdskrigen.
Byen Ulverstone på Tasmania er kalla opp etter byen.