Ulrik Lange

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juli 1808
Død

8. september 1878 (70 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Det Norske Videnskaps-Akademi
Ulrik Lange på Commons

Ulrik Frederik Lange (28. juli 18088. september 1878) var ein skulemann og stortingsmann, fødd på Jevnaker i Oppland. Otto Lange var bror hans.

Ulrik Lange vart student frå Christiania katedralskole i 1826 og cand. theol. i 1832. Under studietida var han lærar ved latinskulane i Drammen og seinare i Christiania. Frå 1832 var han styrar av Tromsø middelskole, til han 1849 fekk ei liknande stilling på Lillehammer. Der arbeidde han til han døydde.

Lange var bystyremedlem i mange år, både i Tromsø og på Lillehammer.

Lange representerte Tromsø på Stortinget i 1842 og 1845, og krinsen Lillehammer og Hamar 1854-60. Han var medlem 1842 av gasje- og pensjonskomiteen, 1845 av kyrkjekomite nr 2, 1854 av kyrkjekomiteen og komiteen om fordelinga av vegskatten. 1857 var han formann i kyrkjekomiteen og medlem av komiteen om representasjonsfordelinga, 1859-60 atter medlem av kyrkjekomiteen. Både i 1857, på omframstortinget 1858 og det ordinære stortinget 1859-60 var Lange medlem av Lagtinget.

Han døydde på Lillehammer i 1878, ein månad før han skulle gå av frå rektorstillinga.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]