Tyrannus | |
Austkongetyrann, Tyrannus tyrannus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Infraorden: | Tyrannida |
Familie: | Tyrannfamilien Tyrannidae |
Slekt: | Tyrannus Lacépède, 1799 |
Fugleslekta Tyrannus er ei gruppe av store insektetande sporvefuglar i tyrannfamilien. Dei fleste har fellesnamnet kongetyrann, engelsk 'kingbird'.
Dei føretrekkjer halvopne eller opne område. Desse fuglane sit på ei grein med fri utsikt, ventar på høve og fangar deretter insekt i flukt. Hovudføda er insekt, men somme kan ete av frukter om vinteren. Dei har lange spisse venger og store breie nebb. Kongetyrannar er typisk trekkfuglar, somme sterke trekkfuglar, andre er standfuglar som karibkongetyrann. Storkongetyrann er endemisk for Cuba.[1]
Desse fuglane har ein tendens til å forsvare hekketerritoria sine særs aggressivt, ofte jagar dei bort mykje større fuglar. Slektsnamnet tyder «tyrann».
Verdas naturvernunion, IUCN, vurderer alle artar i slekta som lite sårbare. Unntaket er storkongetyrann, Tyrannus cubensis, med status trua og minkande populasjon,[2]
Kongetyrannar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]