Tryllestav er ein stav brukt i samband med magi og ritual i folkelege førestillingar, tradisjonar og litteratur. Tryllestavar kan mellom anna brukast av feer, hekser, trollmenn og tryllekunstnarar som underheld.
Stavane kan vera av tre, metall, stein eller bein. Den typiske tryllestaven i moderne tid er ein rett, nokså kort og tynn stav som er svart med lys tupp, men det finst også større stokkar og stavar i andre fargar.
I bok- og filmserien Harry Potter av J.K. Rowling er tryllestavar sentrale. Tryllestavar blir brukte til å leia magiske krefter, og er viktige for å utføra kontrollert magi. Stavane er laga av særskilde treslag som eik, hyll eller barlind og har eit magisk materiale i midten, som einhyrninghår, føniksfjører eller hjartesener frå drakar.