Stort militært transportfly, Boeing C-17 Globemaster.
Døme på ein tidleg type transportfly, C-47 Skytrain, bl. a. brukt under invasjonen av det sørlege Frankrike i 1944.

Transportfly er eit fly som er konstruert for og blir brukt til frakt av gods i staden for passasjerar. Dette gjer at eit transportfly ofte lett kan identifiserast. Moderne store transportfly har ofte ei skrogform som gjer dei veleigna til å ta ombord store einingar.

Fly er vorte nytta for å frakta luftpost sidan 1911 og allereie i 1920-åra vart det bygde fly som var spesielt tilpassa for transport av frakt. Det første «verkelege» transportflyet var det tyske Arado Ar 232, som blei nytta under andre verdskrigen.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.