Tour de France Soundtracks Studioalbum av Kraftwerk | ||
Språk | tysk | |
Utgjeve | 4. august 2003 | |
Innspelt | 2003 | |
Sjanger | Elektronisk | |
Lengd | 53:57 | |
Selskap | Kling Klang EMI Astralwerks | |
Produsent | Ralf Hütter Florian Schneider Fritz Hilpert Henning Schmitz | |
Kraftwerk-kronologi | ||
---|---|---|
Electric Café (1986) |
Tour de France Soundtracks | Minimum-Maximum (2005)
|
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 73/100 [1] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Stylus Magazine | B+ [3] |
Pitchfork Media | 7.0/10 [4] |
Rolling Stone | [5] |
Mojo | [6] |
Uncut | [7] |
The Guardian | [8] |
BBC | favourable [9] |
Drowned in Sound | [10] |
Tour de France Soundtracks er det tiande studioalbumet til den tyske electronica-gruppa Kraftwerk. Det kom ut i august 2003. Albumet vart gjeve ut att i oktober 2009 som Tour de France. Albumet vart spet inn for å feire 100-årsjubileet til det første Tour de France-rittet, men vart ikkje gjeve ut tidsnok til rittet det året. Det inneheld singelen deira frå 1983 med same namn, og plateomslaget er nesten identisk omslaget til singelen. Utgjevinga skapte høg forventning, sidan det var 17 år sidan det førre studioalbumet med nye songar frå bandet etter Electric Café i 1986.
Albumet hadde ikkje ein eigen tysk- og engelskspråkleg versjon, slik dei hadde gjort før, men hadde berre ein versjon med ei blanding av fransk-tysk og engelsk. Tekstane vart skrivne av Ralf Hütter og Maxime Schmitt.
Albumet vart spelt inn i Kling Klang studio, som dei eig sjølv, og som ligg i Düsseldorf i Tyskland. Hütter og Schneider arbeidde med Fritz Hilpert og Henning Schmitz. Dette firemannsbandet la så ut på ein omfattande turne i 2004. På denne turneen spelte dei musikken frå fire datamaskiner. I 2005 gav Kraftwerk ut Minimum-Maximum, som var ei separat utgjeving av audio og video frå songane frå turneen.
Alle songar er skrivne av Ralf Hütter, Florian Schneider, Fritz Hilpert og Maxime Schmitt utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Prologue» (Hütter, Schneider, Hilpert) | 0:31 |
2. | «Tour de France Étape 1» | 4:27 |
3. | «Tour de France Étape 2» | 6:41 |
4. | «Tour de France Étape 3» | 3:56 |
5. | «Chrono» | 3:19 |
6. | «Vitamin» (Hütter, Hilpert) | 8:09 |
7. | «Aerodynamik» | 5:04 |
8. | «Titanium» | 3:21 |
9. | «Elektro Kardiogramm» (Hütter, Hilpert) | 5:16 |
10. | «La Forme» (Hütter, Schmitt) | 8:41 |
11. | «Régéneration» (Hütter, Schmitt) | 1:16 |
12. | «Tour de France» (Hütter, Schneider, Schmitt, Bartos) | 5:12 |
Ralf Hütter · Fritz Hilpert · Henning Schmitz · Falk Grieffenhagen Stefan Pfaffe · Florian Schneider · Karl Bartos · Wolfgang Flür · Klaus Röder · Klaus Dinger · Andreas Hohmann · Fernando Abrantes · Emil Schult · Plato Kostic-Riviera · Peter Schmidt · Michael Rother · Charly Weiss · Houschäng Néjadepour · Eberhard Kranemann · Thomas Lohmann | |
Studioalbum | |
Konsertalbum | |
Samleplater | Exceller 8 |
Plateboksar | Klang Box · The Catalogue |
Singlar | «Kohoutek-Kometenmelodie» · «Comet Melody 2» · «Autobahn» · «Radioactivity» · «Trans-Europe Express» · «Showroom Dummies» · «Europe Endless» · «The Robots» · «The Model» · «Neon Lights»
· «Pocket Calculator» · «Computer Love» · «Numbers» · «Computerwelt» · «Tour de France» · «Musique Non Stop» · «The Telephone Call» · «Expo 2000» · «Tour de France 2003» · «Elektro Kardiogramm» · «Aerodynamik» · «Aerodynamik/La Forme Remixes» |
Tilknytte artiklar | Conny Plank · Düsseldorf-skulen i elektronisk musikk · Diskografi · Elektrisk musikk · Kling Klang Studio · Neu! · Organisation · Tone Float |