Tore A. Liltved
Fødd8. mai 1939
Død13. juli 2004 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Tore A. Liltved (8. mai 193913. juli 2004) var ein norsk Høgre-politikar frå Arendal. Han møtte på Stortinget frå Aust-Agder som vararepresentant perioden 1981-86 og på fast plass frå 1989 til 1997.

Liltved, som var son til ein forretningsmann, var lærar ved Moland ungdomsskule frå 1966 til -81. Han engasjerte seg i lokalpolitikken for Høgre og var medlem av kommunestyret i Moland frå 1972 til 1981. Valbolken 1980-81 var han ordførar for dåverande Moland kommune.

Etter stortingsvalet hausten 1981 rykte fyrste vararepresentant Liltved inn på Stortinget då den valde Høgre-representanten frå Aust-Agder, Astrid Gjertsen, vart statsråd i den nyskipa Høgre-regjeringa leia av Kåre Willoch. Gjertsen vart sitjande i Willoch-regjeringa til regjeringa vart felt våren 1986, så Liltved møtte fast heilt dess, då han framleis var 1. vararepresentant i perioden 1985-89. Han tok over som fyrstekandidat for Aust-Agder Høgre ved stortingsvalet 1989 og både då, og fire år seinare, sikra han seg fast plass på Aust-Agder-benken på Stortinget. Liltved var 1981-85 medlem av Forbrukar- og administrasjonskomitéen, 1985-86 av Sosialkomiteen, 1989-93 av Kyrkje- og undervisningskomitéen og 1993-97 av Kommunalkomitéen. I tillegg var han medlem og seinare sekretær av Valkomiteen 1989-97, samt nestleiar av Fullmaktskomitéen 1993-97.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]