Tingelstad gamle kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Gran
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Hadeland og Land
Sokn Gran/Tingelstad
Fellesråd Gran
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd Ca. 1220
 •  Vigd til Apostelen Peter (omstridt)
Takryttar På skipet
Kor 7 m x 8,5 m
Skip 14 m x 11 m
Kyrkjegard Nei
Preikestol Knud og Rasmus Hansen, 1579
Døypefont Ca. 1600
Altartavle Isak Israelsen, 1699
Sitjeplassar Ca. 100
Diverse Gotisk krusifiks over koropninga
Kart
Tingelstad gamle kyrkje
60°23′38″N 10°30′37″E / 60.3939°N 10.5102°E / 60.3939; 10.5102
Wikimedia Commons: Tingelstad gamle kirke

Tingelstad gamle kyrkje (ofte kalla St. Petri) er ei steinkyrkje frå mellomalderen på Tingelstadhøgda i Gran kommune i Innlandet fylke. Ein meiner at kyrkja vart oppført omkring 1220, då tømmeret i takkonstruksjonen skal vere felt i 1219–20.

Kyrkja kom ut av bruk då Tingelstad nye kyrkje vart innvigd i 1866. Den gamle kyrkja vart då stengd, men ikkje riven. Inventaret er noko av det best bevarte eldre kyrkjeinteriøret i landet, men berre steinalteret og krusifikset over korbogen er frå mellomalderen. Eit gamalt altarfrontale er i Oldsaksamlinga, og det er laga ein kopi til kyrkja. Også den opphavlege vindfløya herfrå er i Oldsaksamlinga.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]