Theobroma | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Kattostfamilien Malvaceae |
Underfamilie: | Byttnerioideae |
Stamme: | Theobromateae |
Slekt: | Theobroma L., 1753 |
Theobroma er ei planteslekt in kattostfamilien, Malvaceae, tidvis klassifisert som medlem av Sterculiaceae. Slekta omfattar rundt 20 artar av små tre som veks i underskogen i tropisk skog i Sentral- og Sør-Amerika. Slektsnamnet er avleidd frå gresk θεός (theos), som tyder 'gud', og βρῶμα (broma), som tyder 'food'.[1] Ein aktiv ingrediens i kakao, theobromin, har namn etter slekta.
Kakaoplanten (Theobroma cacao) er den best kjende arten i slekta, og blir brukt til å laga sjokolade. Cupuaçu (Theobroma grandiflorum) og mocambo (Theobroma bicolor) har også ei viss økonomisk tyding.
Fleire artar i Theobroma har etande frø, der kakao, cupuaçu og mocambo er dei best kjende. Kakao er kommersielt viktig som kjelde til kakaopulver og sjokolade.
Theobroma-artar blir brukt som matkjelde av larvar frå nokre møllar i slekta Endoclita, mellom dei E. chalybeatus, E. damor, E. hosei og E. sericeus. Larvane til ein annan møll, Hypercompe muzina, lever berre av Theobroma cacao.